Frå rasteplassen kan du sjå fjord og fjell, isbreen Folgefonna og fyrtårnet Marsteinen. Og kanskje 200 meter rett ned i sjøen.

Prosjektleiar for E39 Stord-Os Signe Eikenes og landskapsarkitekt Rolf Søderstrøm på kreativt møte om rasteplass.
Signe Eikenes

Dei store tradisjonelle karta på bordet står i kontrast til dei fargerike tredimensjonale modellane på skjermen. Begge har ein viktig funksjon i arbeidet.

Samtaleemnet rundt bordet er rasteplass på Reksteren på Tysnes. 

Ikkje ein grå asfaltparkeringsplass med nokre brune benker og grøne busker. Denne rasteplassen skal bli ein attraksjon. Ein plass folk vil reise til berre for rasteplassen sin del. Og kanskje litt for brua sin del.

Fagleg utfordring

Rundt bordet sit arkitektar og landskapsarkitektar og tenkjer høgt saman med ingeniørar.

– Ein slik rasteplass er kjempespanande å jobbe med arkitektonisk. Det er sjeldan kost at ei bru er inkludert i vårt arbeid. Det gir oss ei fagleg utfordring, seier Synnøve Kløve-Graue, ein av landskapsarkitektane.

Brua ho snakkar om er den mykje omtala brua over Bjørnafjorden. Flytebrua blir over fem kilometer lang. Robust nok til å tole eit skip kolliderer og deretter tole ein 100-årsstorm. Med ei slik eineståande bru blir også rasteplassen i nærleiken noko heilt for seg sjølve.

Utsiktspunkt

– Kva skal rasteplassen vere? spør prosjektleiar for E39 Stord-Os, Signe Eikenes.

Det skal vere ei fin oppleving for bilistar og syklande. Frå rasteplassen kan du sjå fjord og fjell, isbreen Folgefonna og fyrtårnet Marsteinen. Kanskje kjem det skilt med sykkelruter til Tysnes, Kvinnherad, Austevoll og Bergen. Sykkelutleige blir diskutert. Informasjonssenter om flytebrua. Turstiar.

Prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden, Kjell Håvard Belsvik, ønskjer seg eit utsiktspunkt i toppen av brutårnet, 200 meter over havet. Det skal tross alt kanskje bli den viktigaste rasteplassen på heile Vestlandet.

Når kommunedelplanen er godkjend og arbeidet med reguleringsplan skal i gang, kan det blir aktuelt å lyse ut rasteplassen som eit eige arkitektoppdrag, eller konkurranse.

 

 

 

 

Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag