Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har no motteke tilbod på konsulenttenester for å utarbeide detaljreguleringsplan for ny E39 Ådland -Svegatjørn.

Konsulentoppdraget vart lysa ut i november i fjor med tilbodsfrist 28. januar i år.

Tilbydarane er:

  • Multiconsult
  • Norconsult
  • COWI
  • Asplan Viak
  • SWECO Norge

Reguleringsplan klar i 2022

Regulering av E39 Ådland-Svegatjørn er eit stort oppdrag med 55 km firefelts motorveg dimensjonert for 110 km/t inkludert to store fjordkryssingar. Vegprosjektet ligg i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden. Forslag til reguleringsplan skal etter planen vere klar i mars 2022.

Kontrakten som er lyst ut inneheld óg fire opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden.
Statens vegvesen startar no arbeidet med å evaluere tilboda, og har som mål å inngå kontrakt i månadsskiftet februar/mars 2021.

Kontaktperson: 

Ellen Slinde, Planleggingsleiar
Mobil: 992 03 238
E-post:

Illustrasjon: AMCDissing og Weitling Foto: Dissing og Weitling
Aktuelt for fylke(r): Vestland