Tett dialog med Statsforvaltaren i Vestland og andre samarbeidspartar er sentralt når økologisk kompensasjon skal utgreiast for prosjektet.

Regnskog på Tysnes
Boreonemoral regnskog på Tysnes Foto: Karianne Thøger Haaverstad/Statens vegvesen

Prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) har fått eit eige oppdrag frå Samferdsledepartementet om å utgreie økologisk kompensasjon.

Arbeidet blir gjort i tett dialog med Statsforvaltaren i Vestland som er fagmyndigheit for naturforvaltning og har ei sentral rolle i å bidra til at regjeringas miljø- og arealpolitikk blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har også ei sentral rolle i miljøvernarbeid lokalt og i desember gjennomførte prosjektet eit første møte også med kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Planleggingsleiar Helen Gjærde
Planleggingsleiar Helen Gjærde. Foto: Statens vegvesen

– Det er viktig at alle partar blir kjent med kva dette oppdraget betyr, og at vi i prosjektet jobbar for å skape gode møtearenaer. Det beste er å sikre god involvering tidleg i prosessen for å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Dialogen undervegs med både Statsforvaltar og kommunane vil sikre dette, fortel planleggingsleiar Helen Gjærde.

I arbeidet som no skal gjerast skal ein ikkje finne konkrete areal for ei eventuell erstatning, men  utgreie om økologiske kompensasjon kan vere eit aktuelt tiltak for å redusere skade på naturen.

– Rapporten til departementet skal leverast samtidig som reguleringsplanen og det er Kommunal- og distriktsdepartementet som vil fatte eit eventuelt vedtak om kompensasjon, fortel Gjærde.

Fleire kartleggingar av naturmangfald

Prosjektet jobbar med å utarbeide statleg reguleringsplan. Målet er å vere ferdig med eit planforslag i løpet av hausten 2022. Bestillinga er å planlegge ny firefelts veg mellom Ådland i Stord kommune og Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune. I samband med planlegginga er det utført fleire større kartleggingar av naturmangfald på bestilling av Statens vegvesen.

– Arbeidet med naturmangfald er sentralt i dette prosjektet. Vegvesenet har fått god tilbakemelding på det arbeidet som er gjort til no innanfor slike tema, og vi ser fram til det vidare arbeidet med reguleringsplanen, fortel Gjærde.

Utgreiinga om økologisk kompensasjon er eit pilotprosjekt. Bakgrunnen for oppdraget er at planarbeidet har vist at området inneheld mange nasjonale og regionale naturverdiar.

Om økologisk kompensasjon

Tap av naturmangfald er ei av dei viktigaste miljøutfordringane i dag. Den viktigaste årsaka til at artar og naturtypar forsvinn er arealendringar. Dette gjeld internasjonalt og det gjeld i Noreg. Økologisk kompensasjon er eitt av fleire verkemiddel for å redusere tapet av verdifull natur.

Tiltakshierarkiet skal sikre at ein fyst og fremst unngår negativ påverknad, deretter avgrensar skadeverknader, at natur blir sett i stand, og som ein siste utveg – at det setjast i verk kompenserande tiltak.
Tiltakshierarkiet skal sikre at ein fyst og fremst unngår negativ påverknad, deretter avgrensar skadeverknader, at natur blir sett i stand, og som ein siste utveg – at det setjast i verk kompenserande tiltak.

Arbeidet for å redusere tap av verdifull natur vert gjort systematisk gjennom å følgje tiltakshierarkiet (sjå figur). Det betyr at utbyggar skal først søke val av alternativ som unngår negativ verknad på naturen. Dersom det ikkje er mogleg kan ein prøve å avgrense konsekvensar, deretter gjennomføre avbøtande tiltak eller restaurere direkte verknader i etterkant av utbygginga. Økologisk kompensasjon er siste utveg for å redusere negative konsekvensar for naturen.

Det er gjennomført fleire samferdsleprosjekt med økologisk kompensasjon i Norge. Desse kan ein lese om i evalueringsrapportar Fysisk kompensasjon.

Definisjon av økologisk kompensasjon

Økologisk kompensasjon inneber at den ansvarlege for ei utbygging som øydelegg eller skadar verdifull natur kompenserer for denne øydelegginga eller skaden. Kjernen i økologisk kompensasjon er at økologiske funksjonar som går tapt, vert erstatta av kompenserande tiltak. Kompensasjonen vert gjennomført ved å restaurere, etablere eller beskytte natur av same type på ein annan stad enn naturen som vert råka av utbygginga. Føremålet er å avgrense netto tap av verdifull natur.

Aktuelt for fylke(r): Vestland