Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Arkeologar har funne spor etter menneske 10 000 år tilbake på Tysnes. Blant funna er busetnad frå både steinalder og jernalder.

Arkeologane har blant anna arbeidd med å grave prøvestikk inne i ein heller. Ein heller er eit bergoverheng som gjer det tort å opphalde seg under.
GODE BEVARINGSFORHOLD: Arkeologane har blant anna arbeidd med å grave prøvestikk inne i ein heller. Ein heller er eit bergoverheng som gjer det tort å opphalde seg under. Det gjer også bevaringsforhalda for organisk materiale svært gode. I denne helleren vart det funne tjukke kollag med keramikk og flint, som tyder på at staden har vore busett i slutten av yngre steinalder (Foto: Vestland fylkeskommune).

I samband med Statens vegvesen sin reguleringsplan for E39 Stord–Os, gjer Vestland fylkeskommune i desse dagar arkeologiske registreringar på Tysnes. Funnmengda til no i prosjektet er formidabel, og svært mykje av denne nye kunnskapen om den eldste delen av historia vår hadde ikkje blitt tilgjengeleg utan prosjekteringa av E39.

Mykje ny kunnskap om historia til Tysnes

Tysnes kommune er rik på kulturminne frå førhistorisk tid, men funn frå steinalder er det lite av. I heile kommunen finst det berre sju godt dokumenterte steinalderbuplassar.

– Det var ikkje forventa slike mengder med funn i planleggingsfasen, men resultata vil gje mykje nytt stoff til historia om Tysnes. Før den arkeologiske registreringa starta visste vi lite om kva vi ville finne. Vi stilte oss spørsmål om det låge talet steinalderbuplassar var reelt, eller om var det fordi det ikkje hadde blitt leita så mykje som i nabokommunane lenger vest, seier arkeolog Øystein Skår i Vestland fylkeskommune.

Tysnes ligg lengre inne i fjordlandskapet enn til dømes Stord, Bømlo, Austevoll og Øygarden, som alle har mykje funn frå steinalder. 

Arkeologane har blant anna funne ein pilspiss frå yngre steinalder som  har skotskade i odden.
PILSPISS: Arkeologane har blant anna funne ein pilspiss frå yngre steinalder som har skotskade i odden. Pila er truleg knokke i samband med jakt på storvilt. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Svara kom raskt

Etter nokre veker med aktiv leiting etter buplassar og aktivitetsområde, er arkeologane no oppe i 41 nypåviste steinalderbuplassar. I tid strekk dei seg frå den eldste pionerbusetnaden i Noreg for rundt 10–11 000 år sidan, og ned til eldste del av yngre steinalder for om lag 4000 år sidan.

Og då har dei berre undersøkt delar av øya Reksteren, som ligg mellom Tysnesøya og Huftarøy. Fleire av buplassane ligg gunstig plasserte i høve sundet Langenuen. I steinalderen stod havet mykje høgare enn i dag sidan siste istid hadde pressa landet ned.

– Med ein høgare vasstand har delar av dagens bratte kystlinje mot Langenuen vore ein lun skjergard med holmar, skjer og større viker. Det er forhold vi veit var å føretrekke som leirplass og bustad for fleire tusen år sidan. Vi kan allereie no slå fast at så snart isbreen frå siste istid trekte seg austover og la Tysneslandet bart, var landområda som kom fram attraktive for menneska som levde langs vestlandskysten, fortel Skår.

Blir liggjande i naturen

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune undersøker og registrerer eit mykje større område enn akkurat der planlagt vegtrasé vil gå.

– Dei fleste kulturminna som blir registrerte no bli liggande i naturen som dei er, og bidra med ny kunnskap og vere tilgjengelege for alle. Veglinja vi planlegg vil i verste fall ramme eit fåtal av dei registrerte lokalitetane. Det er Vestland Fylkeskommune som frigir slike område i alle større utbyggingar, fortel Ellen Slinde, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Steinalderlivet på Tysnes

Livet i store delar av steinalderen var nært knytt til kysten og marine ressursar. Hovudvegen var sjøen, og dei stabile matressursane kom frå sjøen. Der fiska dei, sanka skjell og skaldyr, og jakta på ulike sjøpattedyr. I tillegg sanka dei planter og nyttevekstar, og jakta på både små og store landdyr.

Lune hamner med moglegheit for sjøsetting av båtar i fleire retningar med tanke på vind og sjø, var nødvendig gjennom heile eldre steinalderen. Når havet stod 10 og 30 meter over dagens havnivå, fann menneska slike gode forhold for busetnad på Reksteren.

– Større buplassar kan ha lege lunt plasserte, medan mindre lokalitetar der dei til dømes heldt utkikk etter sel og kval låg meir eksponert i landskapet. Det kan synast av funnmaterialet som er gjort til no, at vi har spor frå både dei store buplassane og dei litt mindre aktivitetsområda, seier Skår.

Slik er utsikta mot Gjøvåg og Håkrevika frå Langenuen. I midtre del av bilete ligg det 25 busetnadar frå steinalderen
BUSETNADAR LANGS SJØEN: Slik er utsikta mot Gjøvåg og Håkrevika frå Langenuen. I midtre del av bilete ligg det 25 busetnadar frå steinalderen. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Fragment av bergartsøks frå yngre steinalder funne i kulturlagsavsetningar ved Gjøvåg.
ØKS: Fragment av bergartsøks frå yngre steinalder funne i kulturlagsavsetningar ved Gjøvåg. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Det er gjort funn av bearbeidd rhyolitt frå yngre steinalder.
Det er gjort funn av bearbeidd rhyolitt frå yngre steinalder. Rhyolitt er eit lokalt råstoff som er funne på toppen av Siggjo på Bømlo. Rhyolitten vart mykje nytta i staden for flint som etterkvart var blitt ei mangelvare utover i steinalderen. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Aktuelt for fylke(r): Vestland