Sidan 2021 har feltarkeologane til fylkeskommunen funne 206 buplassar i området som er planlagt for den framtidige traseen til E39 Ådland-Svegatjørn.

Statens vegvesen har finansiert arbeidet som blei sett gang som del av reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os). Vestland fylkeskommune har utført dei arkeologiske registreringane.

No er utgravingane avslutta i det som har blitt det største arkeologiske registreringsprosjektet nokon gong i Vestland.

Arkeolog Øystein Skår har leia registreringane i Bjørnafjordern, Tysnes og Stord. I dette 70 centimeter djupe holen på Lepsøy fann han og Camilla Rustad spor etter menneska som levde på Vestlandet for 10 000 år sidan.
Arkeolog Øystein Skår har leia registreringane i Bjørnafjordern, Tysnes og Stord. I dette 70 centimeter djupe holen på Lepsøy fann han og Camilla Rustad spor etter menneska som levde på Vestlandet for 10 000 år sidan. Foto: Bjarte Brask Eriksen

– Fylkeskommunen har her utført eit viktig og grundig stykke arbeid. Funnmengda til no i prosjektet er formidabel. Svært mykje av denne nye kunnskapen om den eldste delen av historia vår, hadde ikkje blitt tilgjengeleg utan prosjekteringa av E39, seier planleggingsleiar Ellen Slinde i Statens vegvesen.

Arkeolog Øystein Skår seier dei kan ha funne spora etter dei første menneska i Vestland. Han har leia registreringane i den framtidige traseen for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os). I Bjørnafjorden, Tysnes og Stord kommunar har funne førhistoriske buplassar som er opp til 10 000 år gamle.

Dei fleste av dei 206 buplassane er frå steinalder, men det er også buplassar frå bronsealder, jernalder og mellomalder, i tidsperioden heilt tilbake til 10 000 år sidan og opp til år 1200.

Du kan lese meir og sjå bilete frå registreringane  på Vestland fylkeskommune sine heimesider.

Aktuelt for fylke(r): Vestland