Kommunal- og distriktsdepartementet har fastsett planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord–Os).

Det er Statens vegvesen som har utarbeidd forslaget til planprogram. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik uttalar føljande i ein pressemelding frå regjeringa 

- Eg meiner planprogrammet gjev eit godt grunnlag for å sluttføre arbeidet med reguleringsplanen.

Planleggingsleiar i Statens vegvesen Ellen Njøs Slinde er glad for at planprogrammet er godkjent.

- No fortset vi det viktige arbeidet med reguleringsplanen som etter planen skal vere ferdig våren 2024.

Planprogrammet skal gjere greie for tiltaket, området og aktuelle problemstillingar, kva forhold som skal utgreiast og kva metodar som skal nyttast, alternativ som skal vurderast og korleis planprosessen skal gjennomførast.

Dei viktigase endringane i dokumentet etter høyring og offentleg ettersyn er:

  • Konsekvensane av redusert vegstandard i prosjektet skal utgreiast, mellom anna med omsyn til kostnadar, nytte, trafikktryggleik, naturinngrep og andre miljøtema. Utgreiinga skal omfatte veg med standard tilpassa fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsveg og 2/3-feltsveg. Utgreiinga skal leggjast fram for Samferdsels¬departementet, som avgjer kva vegstandard som skal leggjast til grunn for det endelege planforslaget.
  • Planforslaget skal ha ei eiga konsekvensutgreiing for massedeponi.
  • Samanstillingsområdet i Søreidsvika, der bruelementa skal setjast saman, skal konsekvensutgreiast saman med området Hodnanes–Beltestad.
  • Det er presisert at plandokumenta skal innehalde ei samla og oppdatert vurdering av konsekvensar for naturmangfald og andre aktuelle tema for heile planområdet. Dette skal supplere tidlegare gjennomført konsekvensutgreiing og sikre eit godt kunnskaps¬grunnlag.

Prosjektet er avhengig av løyvingar i Nasjonal transportplan (NTP), som regjeringa vil leggje fram våren 2024.

Aktuelt for fylke(r): Vestland