E39 Volda–Furene
Ny E39 mellom Volda og Furene. Tiltaket omfattar ny E39 i tunnel mellom Volda og Furene i Volda kommune. Strekninga er om lag 3,8 km lang.
Prosjektet er no inne i ein fase der det blir sett på reduksjon i kostnadane for å komme ned mot styringsmålet i NTP 2022-2033 på 1.012 mill. (2021-kr).
Etter ein gjennomført verdianalyse har Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommune avgjort å starte opp ei endring av reguleringsplana.
Reguleringsplanen for E39 Volda-Furene vart godkjent den 31. mai 2018. Kostnaden for prosjektet var den gang 1142 mill. kroner.
Dette var langt over kostnaden på 900 mill. kroner som låg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018-2029.
Det vart derfor satt i gang eit arbeid med å finne kostnadskutt i prosjektet. Det lykkast ikkje å finne store kostnadskutt innafor rammene av godkjent reguleringsplan, og det blei konkludert med at det var nødvendig å vurdere ei endring av reguleringsplanen.
På bakgrunn av dette utgreiingsarbeidet ville ikkje Vegdirektoratet sende over ein søknad til Samferdselsdepartementet for å be om å auke styringsmålet for prosjektet.
Prosjektet er no inne i ein fase der det blir sett på reduksjon i kostnadane for å komme ned mot styringsmålet i NTP 2022-2033 på 1.012 mill. (2021-kr). Dette har vist seg å vere svært vanskeleg å få til utan å gjennomføre endringar av godkjent reguleringsplan.
Volda kommune er planmyndigheit og må vere samde med Statens vegvesen i at det er nødvendig å gjere endringar i prosjektet. Leiinga i Statens vegvesen bestemte derfor bestemt at det skulle gjennomførast ein verdianalyse av prosjektet. Rapportane for både ei intern analysegruppe og frå ekstern konsulent blei levert medio januar 2022.
Med bakgrunn i verdianalysen har Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommuneavgjort å starte opp ei endring av reguleringsplana.
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Volda
- Fylker:
- Møre og Romsdal
- Lengde:
- 3800 meter
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Totalkostnad:
- 1012 mill. kroner
- Oppstart:
- 2025
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
- Fylkeshuset i Molde