Artikkelen er fra 2010, og innholdet kan være utdatert.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 11-12 og 11-13 kunngjer Statens vegvesen oppstart av arbeid med kommunedelplan for ny E39 frå Volda sentrum til Furene. Forslag til planprogram for konsekvensutgreiing vert samtidig lagt ut til offentleg ettersyn.

Planområdet omfattar fv. 651 frå Volda idrettspark til Volda ferjekai og E39 frå Volda ferjekai til rundkøyring i Furene, kryss med fv. 653. Området som er bandlagt i gjeldande kommunedelplan inngår i planområdet.

Formålet med planen er å fastlegge ny trasé for veg mellom øvre del av Volda sentrum og Furene. Det er eit mål at ny veg skal avlaste dagens veg og då særleg minske tungtrafikk gjennom sentrum. Det er ynskjeleg å redusere miljøulemper for naboar til E39 og sentrumsområdet i Volda. Det er også viktig å få ei avklaring i forhold til arealbruken i sentrum, då store areal er bandlagt for framtidig vegtrasé.

Planprogrammet er lagt ut på følgjande stader:

  • Volda kommune: Servicetorget, Volda rådhus
  • Ørsta kommune: Servicetorget, Ørsta rådhus
  • Statens vegvesen: Ørsta trafikkstasjon og Ålesund distriktskontor

Det blir arrangert orienteringsmøte Volda turisthotell Amfiet tirsdag 9. februar klokka 19.00.

Eventuelle kommentarar eller merknadar skal vere skriftlege og sendast
innan 1. mars 2010 til: Statens vegvesen Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde eller til e-postadresse: .

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Siv K. Sundgot, tlf. 70 17 50 77.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal