Det skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplass ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum, og inngå i ein ny nord-sør akse gjennom sentrum.

Brua vil bli ca. 5 m brei mellom rekkverka, slik at to syklistar skal kunne møtast utan problem.

Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 20 mill. kr. (2012). Den nye brua skal vere kommunal veg, og reguleringsplan er under arbeid.

Forslag til reguleringsplan ligg ute på off.høyring. Du finn plandokumenta her:

Høyring av detaljregulering Naustøyna, gang og sykkelbru - Hovedportal

Frist for å sende innspel til planen er 1.september. Merknaden skal sendast til Sunnfjord kommune.

Orienteringsmøte
Det vert invitert til eit orienteringsmøte på Sunnfjord rådhus 23. august kl 18-19. Møtet vert i møterom Jølstra som ligg i 4. høgda. Fint om de bruker den utvendige trappa eller ringer 975 17 380 dersom de ønskjer å bruke heisen.

Du kan lese meir om ulike brukonsept her:

https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/fordepakken/nyhetsarkiv/ny-gang-og-sykkelbru-naustoyna-storehagen

Førdepakken, Naustøyna–Storehagen
Det blir bygd ny bru i dette området. Foto: Ingar Hals