Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

To arkitektfirma har laga forslag til korleis den nye gang- og sykkelbrua mellom Naustøyna og Storehagen kan sjå ut.

Alle alternativa

– Vi har invitert til eit parallelloppdrag, der dei to arkitektfirma Rambøll og Degree of Freedom kjem med sine idear til utforming av brua. Dette for å ha eit breiare idegrunnlag før val av brukonsept. Forslaga gir eit godt grunnlag for vidare arbeid med brutypar, utarbeiding av detaljregulerinsplan for brukryssing og bygging av bru, fortel planleggingsleiar Magna Vangsnes.

Uansett kva konsept ein går vidare med, må det nok gjerast tilpassingar i høve arealbruken på begge sider av elva, seier Vangnes.

– Vi står fritt til å velge eitt av konsepta, kombinere alternativ eller gjere endringar. Ei av utfordringane arkitektane har fått er korleis ein kan ta omsyn til krav til høgde på brua pga. flaum,  og samstundes få god tilknyting til gateplan på sørsida av elva.

Attraktiv og funksjonell - heile året

Gang- og sykkelbrua mellom Naustøyna og Storehagen er tiltak 8 i Førdepakken. Det skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplassen ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte sentrum sør nærare til handelsområdet i nord.

– Målet er at dette skal vere ei bru som er attraktiv og funksjonell for fotgjengarar og syklistar heile året, knyter sentrum tettare i saman og bidreg til gode byrom, seier Vangsnes.

Brua ligg midt i indrefileten av Førde sentrum, og må ha god estetisk kvalitet, passe inn i bybildet og bidra til at Førde sentrum blir ein god plass å vere. Samtidig har Førdepakken sine økonomiske rammer, og brua må byggjast innanfor desse.

Framover vert forslaga gjennomgått med tanke på kva løysingar ein ynskjer å gå vidare med. Brua vert kommunal, og val av bru vert teke i samråd med kommunen.  

Om forslaga

Degree of Freedom legg i sitt konseptskriv vekt på at denne brua har ein annan funksjon enn nabobruene Langebrua og Storehagen bru, og difor må ha heilt andre estetiske kvalitetar:
«Den skal ikke bare studeres fra avstand, eller av noen som haster over i en bil med dugg på ruten. Brukerne vil stoppe opp, se, lytte, lukte, høre og føle, som betyr at detaljering er viktig.»

Ny nettverksbuebru:

Alternativ 1_ Degree of Freedom

Degree of Freedom  sitt første alternativ er inspirert av den vestlandske fjellheimen.
«Den vestlandske fjellheimen er gammel, med nedslitte og avrundende topper, ikke ulikt formen på en bue. Nettverksbuen over Jølstra står stødig, som Hafstadfjellet bak, som begge vil speile seg om kapp i vannet».

Ny traubru:

Alternativ 2_ Degree of Freedom

Det andre alternativet er ei bru med tre spenn over elva, pluss eit sidespenn til byggefasaden i sør. Denne er inspirert av dalane heller enn fjella.
«Førdedalen er en karakteristisk u-dal og siden isen trakk seg tilbake har Jølstra svinget seg tolmodig, men kraftfull ned til Førdefjorden. Brua sin svingete form gjennskaper Jølstras meandrerende karakter.»

Rambøll alternativ 1:

Rambøll sitt hovedkonsept er ei bjelkebru i tre spenn med ei trapesforma stålkasse. Brutypen vil framstå som visuelt ganske lett og med eit begrensa inngrep i elva, som det står i konseptskrivet.

Alternativ 1_Rambøll

Alternativ 2:

Rambøll si alternative løysing er ei betongbjelkebru i tre spenn med trauforma tverrsnitt.

«Brutypen vil nok framstå som noe tyngre enn hovedkonseptet sett fra sideterrenget, men ved å tilte vangene noe utover mener vi at brua får en mer åpen og dynamisk karakter. Kompakte vanger vil også begrense utsyn fra brua noe sammenliknet med helt åpent rekkverk i hovedkonseptet.»

Alternativ 2_Rambøll

Aktuelt for fylke(r): Vestland