Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Førdepakken er eit treparts-samarbeid som vil bidra til betre forhold for fleire trafikantgrupper i Førde.

Førdepakken er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord kommune, Vestland Fylkeskommune og Statens vegvesen. Pakken vart godkjend av Stortinget i juni 2015, og den består av 20 tiltak der sju no er fullførde. Finansieringa er eit spleiselag mellom bompengar og offentlege middel.

Langebruvegen når Tiltak 12 er fullført

Trafikkanalyser og trafikkteljingar syner at storparten av trafikken som kjem inn til Førde har Førde sentrum som mål. Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil fordele trafikken i sentrum, og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande.

Fleire mjuke trafikantar

Som i andre byar, bør fleire av reisene sentralt i Førde gjerast kollektivt, på sykkel og til fots. Fleire av tiltaka i Førdepakken har samstundes positive effektar for buss og biltrafikk, slik som Askvollkrysset, Bergumkrysset, brua frå Hafstadparken til Angedalsvegen og tiltaka på Hafstadflata.

Førdepakken sitt oppdrag er ikkje å løyse utfordringane med gjennomfartstrafikk i Førde. Det er det vegprosjektet E39 Langeland-Moskog som gjer, med tunnel frå Storehaug til Brulandsberget.

Tiltak 12 : Indre Øyrane – Langebruvegen

Prosjektet inneheld køyreveg og bru med tilrettelegging for gang/sykkeltrafikk frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen, gjennom Indre Øyrane og fram til lyskryss ved Storehagen. Første spadestikk på tiltaket var midt i november.

Forlenging av Langebruvegen inn på Indre Øyrane skal vere ein kommunal veg. Den skal ha låg fart og ikkje skiltast med reisemål som Florø. Det blir ei gate som er godt tilrettelagt for gåande og syklande.

Bru over Løken

Dei mjuke trafikkantane får svært god tilkomst til lyskrysset og vidare mot sentrum. Sykkelveg og fortau er i nett med tiltak 16 frå Førdehuset og til rv.5 og tiltak 15 og 9 – Angedalsvegen og Storehagen. Dette er positivt for utbygginga av skule og bustader på Indre Øyrane.

Tar omsyn til fleire

Det er også positivt med sykkelveg og spesielt fortau for dei som bur på Førde omsorgsenter. Utbygginga gir god universell utforming og det blir godt å kome seg fram til beins, i rullestol og med rullator.

Det er pålagt strenge føringar for både veg- og brukonstruksjon over Løken grunna fugle-, og dyrelivet.  Brukonstruksjonen er laga med sikte på optimal vassgjennomstrøyming, samt at det skal lagast eit vasspeil mellom opphaldsplass for fugl og veg. I anleggsperioden vert det byggestopp i hekketida.

Aktuelt for fylke(r): Vestland