Frå måndag 18. mai vil det bli innsnevring til eit køyrefelt og midlertidig lysregulering i området ved Skutevikstorget.

Arbeida inneber flytting og justering av kantstein i krysset mellom Sjøgaten og Bøkkergaten for å øke trafikksikkerheita for myke trafikantar i krysset. I tillegg skal siste lag med asfalt bli lagt og tilhøyrande vegmerking mellom Skutevikstorget og sørenden av Rothaugtunnelen. Sjøgaten vil vere mellombels lysregulert medan arbeidene i krysset går føre seg. Innkøyring til Bøkkergaten vil vere open for trafikk.  Arbeida er berekna å ta omkring ein månad.

For gåande vil fortau bli flytta til sjøsida av vegen, og vi ber fotgjengarar ta omsyn til skilting, og å bruke gangfelt ved Skuteviksbodene 16 og Skutevikstorget.

Trafikantar må berekne noko lengre reisetid og noko kø.

Alternativ sykkelrute

Syklistar som ferdast på strekninga vil oppleve redusert framkome. Alternativ rute for syklistar går via Amalie Skrams vei, Ekregaten, Sandviksveien og Nye Sandviksvei.

Kontaktperson:

Bjørn Rusten Lundberg:
- Byggeleder Statens vegvesen
- Mobil: +4797422488
- E-post: