Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen er godt i gang med planlegginga av Nordens første sykkelstamveg. Sykkelstamvegen, eller sykkelekspressvegen skal gå mellom Stavanger, Forus og Sandnes. Nå kan du sjå kor deler av den er planlagt.

Planlegginga er delt opp i delstrekninger. Den lengste av dei, strekninga mellom Sørmarka i Stavanger og Smeaheia i Sandnes er venta vedtatt i 2014/2015.

Allereie nå kan du sjå korleis denne strekninga kan bli sjåandes ut.

Sykle til jobb

Sykkelstamvegen blir planlagt slik at den skal gå tett opp til E39 motorvegen mellom Stavanger og Sandnes. Statens vegvesen sitt hovudmål er at jobbreisande vel sykkel framfor bil på strekninga. Difor skal sykkelstamvegen vere eit attraktivt alternativ til bil.

Den blir breid, får midtstripe og ingen kryssande trafikk. Traséen er planlagt slik at transporten blir så kort som mogleg for dei som skal til og frå jobb i Forusområdet. Totalt blir sykkelstamvegen 13 kilometer lang, og skal vere ein trafikksikker sykkelveg med høg standard. Påkøyringsrampar som kobler andre sykkelveger til sykkelstamvegen blir utforma slik at den som skal på har stoppeplikt.

Etappevis

Sykkelstamvegen blir planlagt, og blir seinare bygt I etappar (sjå kart). Strekninga lengst i nord blir bygt som del av Ryfast-prosjektet. Heile strekninga kan vere ferdig så tidleg som i 2018. Det er Statens vegvesen, i samarbeid med kommunane Stavanger og Sandnes som planlegg Sykkelstamvegen.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland