Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Fem tunnelar på E16 mellom Stanghelle og Voss skal oppgraderast dei komande tre åra. Det betyr kolonnekøyring og stenging på kvelds- og nattestid.

Foto av tunnelportalen på Hyvingatunnelen.
Hyvingatunnelen er ein av dei fem som skal oppgraderast på strekninga.

- Det kjem til å ta meir tid å komme seg mellom Bergen og Voss på kveld og natt dei tre neste åra. Det vil bli tretimars stengingar på natt, så sjåførar må planlegge reisene sine ut i frå det. Dette gir tydelege ulemper for både tungtrafikk og vanlege bilistar, men det er nødvendig med stengingar for å få tunnelane opp til dagens krav, seier byggjeleiar Kristian Dahle Sylta i Statens vegvesen.

Start 1. august

Tunnelarbeidet starter 1. august, og det vil føregå på nattestid mellom kl. 20.00 og 05.30. Arbeidet vil i utgangspunktet føregå måndag – fredag , men med periodevis aktivitet i helgar. Fram til kl. 22.00 blir det kontinuerleg kolonnekøyring, og mellom 22.00 og 05.30 blir det stengt – med unntak av eitt gjennomslepp frå begge sider kl 01.00. På dagar når det er venta stor utfart, kan arbeidet fram til kl. 22.00 bli kutta.

Kolonnetider (sommar: 15.04 – 01.12)

Kl. 20.00-22.00    Kontinuerleg frå begge sider

Kl. 22.00                  Kolonne frå begge sider

Kl. 01.00                  Kolonne frå begge sider

Kl. 05.30                  Ope for trafikk

Ved vintervær mellom 15.10 og 01.12 skal kolonnetider iht vinteroppsett følges

Kolonnetider (vinter 01.12 – 15.04)

Kl. 20.00-22.00     Kontinuerleg frå begge sider

Kl. 22.00                  Kolonne frå begge sider

Kl. 01.00                  Kolonne frå begge sider

Kl. 03.00                  Kolonne frå begge sider

Kl. 05.30                  Ope for trafikk

Tunnelane blir tryggare

Statens vegvesen har dei siste åra gjort eit stor arbeid på E16 mellom Bergen og Lærdal, for å innfri krav i EU sin tunneltryggleiksforskrift. Fleire av tunnelane er tatt i bruk med modernisert tryggleiks- og kommunikasjonsutstyr, nye stopplommer, samt nye led-lys og rekkverk. No står altså fleire tunnelar mellom Stanghelle og Voss for tur, og det er Dalevåg- , Dalseid- , Trollkone-, Hyvinga- , og Hernestunnelen. Arbeidet blir gradvis trappa opp, og mot slutten av august startar entreprenøren med sprenging av nisjer inne i Dalevågtunnelen.

- Det er eit ganske stort anleggsområde, som strekkjer seg rundt 25 km. Grunna rasfare i dagstrekka mellom Dalseid- og Hernestunnelen, kan me ikkje stille opp kolonnekøane der. Difor blir det ei lengre strekning som er stengt når det er arbeid i dei tunnelane, seier Sylta.

Kartskisse med innteina tunnelar.
Oversikt over tunnelane som skal oppgraderast i området rundt Dale.

Må koordinerast

For å unngå unødig heft for trafikkantane, prøver dei så godt som mogleg å koordinere med anna arbeid på E16. To tunnelar er kome langt i si oppgradering ved Arna (Bjørkhaug- og Sætretunnelen), og i Lærdalsdalen pågår det arbeid i to tunnelar (Borgund og Sæltatunnelen) opp mot Borlaug-krysset. I tillegg er det asfaltering om nettene på E16 i Voss kommune ut august, og ved Dalseidtunnelen pågår det fjellsikring. Samstundes skal også BKK legge ned ny høgspenttrasé mellom Arna og Dale, for det kommande fellesprosjektet med Bane Nor som skal gi ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

Statens vegvesen frårår på det sterkaste at lokale kommunale- og fylkeskommunale vegar, slik som over Hamlagrø, blir brukt til omkøyring.

- Det kan føre til full stopp og trafikkaos for dei som ikkje er kjend. Her er det smale vegar med stedvis dårleg asfaltdekke. Trafikantane bør planlegge reisene sine etter stengetidene på E16, og tilpasse seg på den måten, oppmodar byggjeleiar Kristian Dahle Sylta.

Eventuelt er det muleg å køyre rundt via Hardanger på Fv49, Fv79 og rv13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Voss, Vaksdal