Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen varslar om at arbeidet i rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen kan ta lengre tid enn dei 8 vekene ein har opplyst at tunnelen skulle vera stengt.

- I verste fall treng vi to veker ekstra, seier prosjektleiar Øivind L.Søvik. Det er mykje sprenging som står att før jobben er fullført. Fjellkvalitet og omsynet til tryggleiken for mannskapa er viktige faktorar som kan senke det vidare arbeidet med bygging av rundkøyring til Hardangerbrua og oppgradering av den eksisterande Vallaviktunnelen.

Fem store nisjar

Tunneldrivarane held på med armen frå brua og inn til den planlagde rundkøyringa i Vallaviktunnelen. Samstundes pågår det sprenging av fire havarinisjar og ein snunisje i Vallaviktunnelen, som blei opna i 1985. Det er generelt sett ein omfattande jobb å oppgradere tunnelar som er over 20 år gamle, har det vist seg dei siste åra. I Vallavik er det både oppgradering og etablering av ein ny rundkøyringshall som pågår.

Minst like god

Vallaviktunnelen blei stengt for trafikk 28.september, og planen har vore å opna vegen mellom Granvin og Vallavik att 23.november.

Byggherre og entreprenør vuderer arbeidsomfanget slik at ein vil varsle om at tunnelen kan bli stengt to veker lengre enn planlagt, det vil seie at opninga i så fall først kan bli 7.desember.

Før tunnelen blir opna for trafikk att skal det mellom anna gjennomførast ei godkjenning av tryggleiken i tunnelen. Standarden skal vere minst like god som før arbeidet tok til i slutten av september.

Møteplassar

I stengingsperioden går trafikken via rv. 572 mellom Bruravik i Ulvik og Holven i Granvin. Vegen har vore utbetra ein del siste året, og det er lagt mykje ny asfalt og nymerking på vegen.

Det har ikkje skjedd poilitirapporterte uhell i stengeperioden så langt, og dei fleste trafikantane tek omsyn til møtande trafikk, og ventar på møteplassar der vegen er på det smalaste. Vogntoga brukar stort sett andre vegruter, og det er mest små og mellomstore bilar som nyttar omkøyringsvegen via rv. 572.

- Vi beklagar overfor trafikantane dersom vi ikkje kjem utanom to ekstra veker med stenging av Vallaviktunnelen. Vi lover å gjere vårt for å greie å fullføra arbeidet tidlegare enn til 7.desember, og vil sjølvsagt kome attende med ytterlegare informasjon om dette i november, seier Øivind L. Søvik til slutt.

Rv. 572 er omkøyringsveg for den stengde Vallaviktunnelen, og 572 har varierande vegbreidde. (Foto: Geir Brekke)
Rv. 572 er omkøyringsveg for den stengde Vallaviktunnelen, og 572 har varierande vegbreidde. (Foto: Geir Brekke)
Aktuelt for fylke(r): Vestland