Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen får i all hovudsak medhald frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) i avgjerda om tildeling av kontrakt for stål- og montasjeoppdraget på Hardangerbrua

Det er American Brigde Norway AS som har klaga avgjerda inn for nemnda. Det amerikanske selskapet var ein av dei fire entreprenørane som ga tilbod på stålentreprisen i 2008.

KOFA slår fast at det var ei rett avgjerd å skrive kontrakt med MT Højgaard for denne delen av prosjektet. Nemnda avviser at prisen til det danske entreprenørselskapet var urealistisk låg. Klagenemnda har og gått inn på påstanden frå klagaren om at MT Højgaard ikkje hadde dei nødvendige kvalifikasjonar gjennom resultat på HMS-området. Konklusjonen er at bruken av skjøn frå Statens vegvesen her har vore i orden, slik at Højgaard ikkje kan avvisast som entreprenør på grunnlaget av HMS-omsyn.

Det einaste punktet der KOFA gir klagaren medhald, er klagefristen. Nemnda seier at fristen her blei for kort avdi Statens vegvesen kom med nye opplysningar etter at klageprosessen var i gang, slik at fristen berre blei seks dagar, mot kravet på 10 dagar.

Aktuelt for fylke(r): Vestland