I vekene 35-37 blir rv. 41 ved Mjågeto stengde måndag til fredag. Medan vegen er stengd, skal eit stort fanggjerde heisast på plass.

– Me skal setja opp 400 meter med fanggjerde langs rv. 41. Dette gjerdet skal hindra at ras av is, snø og stein fell ned på vegen, forklarer Jon Krogstad Bøe, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Bilete av stor fjellskjering ved Mjågeto.
Eit stort fanggjerde skal setjast opp i fjellskjeringa ved Mjågeto, cirka seks km sør for Kyrkjebygda. Foto: Jon Krogstad Bøe, Statens vegvesen

Stort utstyr sperrar vegen

For å heisa fanggjerdet på plass, er me avhengig av å bruka stort utstyr som vil sperra vegbanen. Derfor er me avhengig av å stengja riksvegen for å få utført arbeidet.

– Me startar opp arbeidet slik at fanggjerdet står klart til vinteren, seier Bøe. Vegen blir stengd ved Mjågeto, ca. seks km sør for Kyrkjebygda. Her er ei større fjellskjering som no skal få montert fanggjerde for å sikra ein trygg veg.

Stengt i vekedagane, men ope i helgane

Rv. 41 vil bli heilt stengde i følgjande tidsrom ved Mjågeto:

Veke 35

Stengd frå måndag 28. august kl. 08.30 til fredag 1. september kl. 14.30

Veke 36

Stengd frå måndag 4. september kl. 08.30 til torsdag 7. september på kvelden

Veke 37

Stengd frå måndag 11. september kl. 08.30 til fredag 15. september kl. 14.30

– I helgane blir rv. 41 opna for trafikk frå fredag ettermiddag og fram til måndag morgon. I veke 36 opnar me vegen for trafikk allereie torsdag kveld av omsyn til Dyrskun og mange som skal reisa dit, fortel Jon Krogstad Bøe.

I vekene før og etter stenginga vil det vera lysregulering eller manuell trafikkdirigering forbi arbeidsstaden.

Omkøyring via Gautefall og Grova

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Kart som viser omkøyringsvegen medan rv. 41 ved Mjågeto er stengt.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark