1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Val av alternativ
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Viser svinger på Rv. 15 i nedstigninga mot Hjelledalen, ein bobil køyrer på vegen.
Foto: Ole Kristian Åset

Kvar?

Fylke:
Vestland, Innlandet, Møre og Romsdal
Kommunar:
Stryn, Skjåk, Stranda

Kva?

Statens vegvesen skal bygge ny tunnel under Strynefjellet. Riksveg 15-løpet vil gå frå Hjelledalen til Breiddalen og blir mellom 15,6 og 20,5 km langt, alt etter kva påhogg som blir valt. Løpet mot Geiranger blir mellom 6,5 og 8,2 km langt, og tar av mot nord-vest i eit kryss midt inne i tunnelen.

Kvifor?

Rv. 15 over Strynefjellet har i dag for dårleg kurvatur og for låge og tronge tunnelar. Vegen vert for ofte stengt og kolonnekøyrd vinterstid. Ny tunnel vil løyse utfordringane, og fylkesveg-armen vil gje heilårsveg til Geiranger.

Kart

Rv. 15 Strynefjellstunnelen © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

KVU rv. 15 Strynefjellet – revidert tilleggsutgreiing inkl. fv. 63 heilårsveg til Geiranger. 

I 2024 vedtok Stortinget å ta prosjektet inn i NTP 2025-2036, med planlagt oppstart i første seksårsperiode.

Statens vegvesen meldte planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger 10. november 2025. Planprogrammet er på høyring fram til 15. januar.

Planprogram for kommunedelplan rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er fastsett i dei tre kommunane. Handsaminga var ferdig i kommunestyra ved utgangen av juni 2016.

Meir info og lenke til dokumenta her!

Det pågår arbeid med kommunedelplan for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og kommunedelplan for masselager for Stryn og Skjåk.

Dette er utført:

  • Feltundersøkingar natur og miljøfag
  • Feltundersøkingar naturressursar
  • Grunnundersøkingar i Breidalen, Hjelledalen og Opplendskedalen
  • Det er fastlagt prinsipp om skråstilt køyrbar ventilasjonssjakt med 10% stigning frå Grasdalen
  • Det er gjort kostnadsanslag, med prisar frå 7,7 til 9,6 mrd kr

Dette pågår og er under oppstart:

  • Samanstilling av resultat – vert sett inn i matriser
  • Fagrapportane for dei ulike faga er under utarbeiding
  • Optimalisering av tunnelane med kryssplassering i fjellet
  • Siling av deponi, datainnsamling og samkøyring av planarbeidet mellom prosjektet og planansvarlige i kommunane
  • Skriving av planbeskriving for dei tre KDPane, arbeid med konsekvensutgreiingar og eigen konsekvensutgreiing for verdsarv-området
  • Gjennomføre trafikkanalyser
  • Vurdere, rangere og velge tunnelalternativ ut frå samanstilling av prissatte og ikkje prissatte konsekvensar

Arbeid med Reguleringsplan kan starte når kommunedelplan er på plass.

KS2 er ein ekstern gjennomgang av avgjerdsgrunnlaget for store statlege prosjekt med kostnad på meir enn ein milliard kroner. Målet er avdekke om prosjektet er klart til å bli sendt vidare til Stortinget.

Før bygging kan starta må finansieringa avklarast, og Statens vegvesen må gjennomføra grunnerverv og utarbeida konkurransegrunnlag.

Byggestart

Åpning av veg

Sjå alle aktueltsaker
Lengde:
19 kilometer
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
NTP 2025–2036

Meir om prosjektet

Oversikt over aktuelle tunneltraséar:

Utkast til ulike tunnelalternativ pr oktober 2026. De to alternativa som går ut med ein ekstra sving mot venstre er for å få nok lengde til å halde stigninga nede på 5%.
Utkast til ulike tunnelalternativ pr oktober 2026. Dei to alternativa som går ut med ein ekstra sving mot venstre er for å få nok lengde til å halde stigninga nede på 5%. Foto: Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Fylkeshuset i Molde

Kontaktar

Ivar Ole Mittet

Fungerande prosjektleiar
Telefon:
41479996
E-post:

Eva-Lena Winge

Planleggingsleiar
E-post: