Planprogram for Strynefjellet fastsett i tre kommunar
Stranda, Skjåk og Stryn kommunar har fastsett planprogram for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
Ved utgangen av juni hadde alle dei tre kommunane fastsett planprogrammet for ny vegløysing gjennom Strynefjellet, og vegprosjektet kan no gå inn i neste fase.
- Planprogrammet vart einstemmig vedteke i alle dei tre kommunane, og ved det har vi fått ein svært viktig milepel i prosjektet vel i hamn, seier planleggingsleiar Eva-Lena Winge i Statens vegvesen.
Lenker til vedtaka og sakhandsaminga i kommunene:
- Planprogram fastsett i Stranda kommune
- Planprogram fastsett i Skjåk kommune
- Planprogram fastsett i Stryn kommune
Ut over hausten vil Vegvesenet jobbe vidare med planlegginga og utreie konsekvensane for prosjektet. Målet er å kome fram til eit forslag til vegtrasé på nyåret 2027.
Føremålet med vegprosjektet er å planlegge og bygge eit forutsigbart og trygt heilårssamband for gods- og persontransport over rv. 15 Strynefjellet, som støttar dagens krav til framkomst, tunnel- og trafikktryggleik. Armen mot Geiranger ut frå midten av tunnelen vil sikre bygda stabilt heilårleg vegsamband.