Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

For somme fungerer opna landskap betre enn for andre. Ta grunnborerne for eksempel, dei stortrivst.

I augnekroken skimtar eg den umiskjennelege varebilen bak nokre busker mens eg køyrer på rv. 36. Grunnborerne. Neste år blir prosjektet lyst ut som totalentreprise.Den terrenggåande boreriggen veg elleve tonn, det blir nær 1,4 tonn på kvart av dei åtte hjula. Derfor trengjer eg ikkje akkurat vere speidar for å følgje spora. Fyrst ned ein hytteveg, mønsteret i grusen sladrar kvar ferda går vidare. Så rett inn i skogen. Bokstavleg talt over stokk og stein, kvist og kvast. Ingenting stoppar boreriggen.

Raue merke

Inne i krattet lyser ein raudmerkt pinne. Den mjuke leiren som dekkjer graset rundt merket forteljar at her har grunnborerne jobba. Litt lenger borte eitt hol med pinne til, og enda eitt. Eg følgjer spora vidare, akkurat då angrar eg på min manglande impulskontroll som har kasta meg rett ut i villnisset mellom vegen og den djupe innsjøen: Føre meg er ein stupbratt bakke, så bratt at eg aldri ville ha funne på å gå tur i slike omgivnader. Bak meg er krattet eg nett har baska meg igjennom. Valet er enkelt.
Opp bakken trengjer eg begge hendene til hjelp for ikkje å skli ned. Eg aner ikkje kor bratt bakken er, men sveitten har begynt å gjere inntoget sitt. Eg skulle likt å sjå den kontorstolen som ville ha klart dette terrenget.
- Hei, helser Tor Erik Narverud Flathus og Ole-Knut Trondrud som om vi alltid skulle ha kjent kvarandre. Dei stadfestar at bakken er bratt, så bratt at dei måtte ty til vinsjen for å få boreriggen opp skrenten.

"Lett terreng"


- Dette her er eigentleg ganske lett terreng, smiler Ole-Knut Trondrud mens eg tørkar sveitte. Det er ikkje ofte desse to får gjesting på kontoret. Du ser dei ikkje når nye vegar blir opna, men få vegar ville ha blitt like bra utan dei.
Trondrud jobba i skogen før han starta som grunnbuarar. Erfaringa med store maskiner i røft terreng kjem godt med i dette landskapet.
Jordsmonnet er ikkje tjukt akkurat her, berre ein god halvmeter på det minste. Det har boreriggen fortalt. Stikkprøvane som geoteknikar Monika Rødin Lund har funne ut kvar skal takast ut, viser at laga med løyse massar er ujamnt. Boreriggen sørgjer også for at prøver av grunnen blir henta opp slik at det kan analyserast. Nokre stader fortset boret ned i fjellet. Motstanden det kraftige slagboret støyter på gir informasjon om korleis berget er der ingen kan sjå.
Nokon kilometer lenger borte står Svein Olav Hovdekleiv i strandkanten på Sanden camping. Bak han står ein semitrailer med ein flåte om bord. Eit par veker tidlegare var forholda perfekte til å leggje ut flåten frå stranda.


- No går det ikkje. Det er for grunt, seier han litt skuffa. Naturen rundt han er vakker å sjå på, men det hjelper lite når den ikkje speler på lag. Vatnet er regulert og strandkanten har krope utover. Saman med sjåføren på lastebilen køyrer dei rundt vatnet og jaktar på ein ny stad å setje ut den 17-18 tonn tunge flåten. Utan å lukkast.
Tilfella vil likevel ha det til at ein 90 tonn tung mobilkran er ledig nokre få mil unna. Snart er den på plass og lyfter dei tunge elementa akkurat så langt ut at dei får fri av botnen.

Borer og borer


- Vi skal bore seks hol i Bukti. Fyrst og fremst skal vi finne ut kor langt det er før vi støyter på fjell, fortel han.
Planen er at den helten innarst i bukta Bukti skal fyllast opp ei steinfylling. Landskapet langs Seljordsvannet er prega av at fjellet skrår kraftig ned mot vasskanten. Sett saman vil resultata frå borehola gi informasjon som fortel korleis fjellet skrår vidare under vatn. Fasit vil brukast til å fastsetje kor mykje stein som treng for å byggje vegen på toppen.


Borerne rekkjer ikkje bli lei av landskapet sitt. Når det siste holet er bora og riggane på plass på lastebilen, blir alt saman flytt til eit anna landskap. Så er det på han igjen.

av Tor Arvid A. Gundersen

Gunnborere langs Seljordstranda
Grunnboring i Bukti Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark