Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

6. januar blei riksveg 36 stengd mellom Sjøormporten tunnel og Sanden camping. Vegen vil vera stengd ved Stodi og tidvis stengd ved Bukti fram til 1. mai. Då vil han haldast open fram til hausten 2020.

Deretter kjem ein ny periode på fem månader kor vegen er heilt stengd medan resten av vegen blir bygd. Meir info om denne stengeperioden kommer seinare.

Personbilar må køyre på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi. Tunge køyretøy må bruke E134 om Notodden og Hjartdal som omkøyringsveg.

IMG_1395 Rv. 36 Seljord-Bø
Anleggsarbeidet på riksvegen er no godt i gang. Foto: Statens vegvesen

Anleggsarbeidet på riksvegen er no godt i gang

- Det er mykje sprengningsarbeider på denne strekninga. Entreprenør Hovden Hytteservice er i gang med å sprenge ut store fjellskjæringer. Det er store fjellpallar på 20-30 meter i og tett på eksisterande veg som krev stenging. Ny veg vil krysse eksisterande veg fleire stader og i anna høgde enn det er nå. Arbeida med vegfylling har starta mellom anna med den store fyllinga i Bukti. Her er det lagt ut siltgardin for å hindre forureining og partiklar vidare ut i vatnet. Deler av fyllinga vil gå ut i Seljordsvatnet for å få ein stabil grunn til den nye vegen. Dette arbeidet vil halde fram utover våren, seier prosjektleiar Tom Hedalen. Det meste av steinen som blir sprengde ut vil seinare bli brukt i sjølve vegen. Det vil også foregå steintransport mot Seljord og Århus.

De som bur nærast blir varsla med SMS når det skal sprengast. Hus- og hytteeigare i anleggsområdet er oppmoda til å ha kontakt med entreprenør for å gjere seg kjent med tilhøva.

IMG_1399 Rv. 36 Seljord-Bø
Foto viser arbeidene på strekningen. Foto: Statens vegvesen

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark