Statens vegvesen fekk inn 22 merknadar til planforslaget Tuv-Venås sendt på høyring i februar 2022

rett vegstrekning med bratt bakke i bakgrunnen
Støytebakken på rv 52 i Hemsedal er flaskehalsen mellom Tuv og Venås med blant annet en kjettingsplass. (Foto: Kjell Wold) Foto: Kjell Wold, Statens vegvesen

Fleire merknadar omtaler at kjettingplassen ikkje er ønskt på plasseringa i planforslaget, og foreslår å plassere den aust for Tuv. Behovet for kjettingplass skal bli mindre som følgje av tiltaka som blir gjort mellom Tuv og Venås, men Vegvesenet meiner framleis ein kjettingplass er nødvendig. Vegvesenet meiner det er aktuelt å sperre av plassen i sommarhalvåret. Til dømes med ein bomløysing.

Bygging av gang og sykkelveg har vore ønskt lenge. Hemsedal kommune har vedteke ein reguleringsplan, Tuv Sentrum, i 2019. I den er det planlagt gang og sykkelveg på sørsida av riksveg 52. Reguleringsplanen Tuv-Venås forlengjer gang og sykkelvegen på sørsida av vegen fram til Rjukandefossen, der gang og sykkelvegen byter side. Statens vegvesen har løyving til å utbetre Støytebakken, og byggje tilhøyrande gang og sykkelveg. Men i dette planarbeidet har Statens vegvesen ikkje middel til å byggje gang og sykkelvegen som er del av reguleringsplanen Tuv sentrum.

Fartsgrensa i Tuv sentrum er i dag 40km/t, og 70km/t mellom Tuv og Venås. Lågare fartsgrense og fartsnivå er ønskt av fleire partar. Mens planen har vore på høyring er det samtidig gjort ei utrekning av fartsgrense som konkluderer med at dagens 70-sone bør skiltast ned til 60-sone.                                                            

Støyutgreiinga som Norconsult har laga for Statens vegvesen ligg til grunn for det vidare arbeidet med støyreduserende tiltak. Endeleg detaljering vil først finne stad når tiltaket kjem til prosjekteringsfasen, som vil bli utført av totalentreprenør. Det vil vere støyutrekninga for 60 km/t som blir lagd til grunn for vidare vurdering av støytiltak i prosjektet.

Planframlegget skal no oppdaterast før det blir sendt til Hemsedal kommune for vedtaksbehandling.

Aktuelt for fylke(r): Viken