Tre av fire aksar er no støypt på nye Skjøiten bru på rv. 52 i Hemsedal.

Det er landkaret på nordsida og to søyler ved og i elva Mørkedøla som er støypt ferdig.

Tre av fire aksar er no støypt på Skjøiten bru i Hemsedal.
Tre av fire aksar er no støypt på Skjøiten bru i Hemsedal. Foto: Kjell Wold

Landkaret på sørsida av brua mellom Venås og Storeskar vest for Tuv i Hemsedal blir støypt den nærmaste tida. Arbeida med ny bru og tilhøyrande veg starta i mai i år og skal etter planen være ferdig i løpet av hausten 2022.

Når ny bru er opna i 2022 skal den gamle brua rivast. Den nye brua skal erstatte den gamle, smale og trafikkfarlege brua frå 1937.

Nybrua blir om lag 90 meter lang og kjem 40-50 meter nedstraums dagens bru.
Det er Hæhre Entreprenør AS som er entreprenør på jobben på rv. 52 i Hemsedal

Nybrua ligg 40-50 meter nedstraums dagens bru frå 1937 og blir 90 meter lang
Nybrua ligg 40-50 meter nedstraums dagens bru frå 1937 og blir 90 meter lang. Foto: Tone Bakken
Aktuelt for fylke(r): Viken