Prøvegraving for bruakse i Mørkedøla i Hemsedal
Dei nærmaste dagane er det prøvegraving i Mørkedøla for å finne om det er fast fjell eller ikkje for ei bruakse i elvjuvet.
Den nye Skjøiten bru skal byggjast om lag 40-50 meter nedstraums dagens bru på rv. 52. Hæhre en entreprenør på jobben som skal vere ferdig neste sommar.
Arbeidet med å sprengje på kvar side av elva starter over helga. For nokre dagar sidan var spesialhundar på plass for å leite etter moglege sprengstoffrestar frå tidlegare veg- og bruarbeid.
Det vert gjort nokre markeringar som no skal undersøkjast nærmare. Arbeidet med ny Skjøiten bru er no i gang for fullt. Det skal jobbast med ny veg og bru i heile sommar utan ferieopphald.
So langt har ein ikkje hatt problem med vårflaum i Mørkedøla sjølv om elva no har ganske stor vassføring.
På grunn av vegarbeidet er det skilta ned fartsgrense til 50 kilometer i timen nokre hundre meter oppstraums og nedstraums brua. Det er viktig at trafikantane er oppmerksame på dette og tek omsyn til arbeidet som no skjer tett opptil rv. 52