Rv. 5 Erdal–Naustdal
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
- Kommunar:
- Sunnfjord
Kva?
Rv. 5 Erdal – Naustdal viser ny trasé for framtidig riksveg mellom Erdal og Naustdal i Sunnfjord kommune. Prosjektet vil sikre ei utsett strekning mot ras.
Kvifor?
Strekninga treng rassikring, og ny veg i tunnel vert om lag 1,3 km kortare enn dagens veg. Sunnfjord kommunestyre vedtok kommunedelplan for strekninga i 2023.
Kart
Framdrift
Vegprosjektet meldte planoppstart og planprogram var på høyring.
Kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal var under utarbeiding, i samråd med Sunnfjord kommune.
Kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal var på høyring, for å fastsette trasé for framtidig riksveg på strekninga.
Kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal vart vedteken av Sunnfjord kommunestyre 26. oktober 2023.
Planar og dokument
Fakta og nøkkeltal
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- NTP 2025–2036
Meir om prosjektet
Det er vedteke kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal som viser trasé for framtidig riksveg mellom Erdal og Naustdal i Sunnfjord kommune.
Alternativ "E1 – N12" som er vedteke går med ein 6,7 km lang tunnel frå Smedneset ved Erdal til Jarane i Naustdal.
Ny veg vert om lag 1,3 km kortare enn i dag, og vil betre stette dagens krav til kurvatur og trafikktryggleik. Valt veglinjke vil i tillegg gje mindre trafikk og eit rolegare bumiljø i Naustdal sentrum.