Arbeidet med kommunedelplan er i gang, og vil vare til seinvinteren 20/21.

Sunnfjord kommunestyre vedtok planprogram (PDF, 5 MB) etter plan- og bygningslova § 11-13 for rv. 5 Erdal–Naustdal, slik planprogrammet var presentert ved høyringsutgåve november 2019 – med innkomne merknader.

Det blei også stemt fram eit punkt om at det skal leggjast til rette for gode tilhøve for syklande og gåande langs vegen. Kommunestyret understrekar at det trengst ein god og sikker veg, i tunnel, for å sikre god samfunnsutvikling for bygder og grender i planområdet.

Arbeidet med kommunedelplan pågår i 2020, for å fastsette endeleg korridor for ny rv. 5. Per november 2020 står vi att med 5 alternativ i Erdal og 4 alternativ i Naustdal som vert utgreidd nærmare, sjå under:

Aktuelle linjer for ny veg. Illustrasjon: Statens vegvesen Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen