Artikkelen er fra 2007, og innholdet kan være utdatert.

Fredag 17. august klokka 1130 startar Statens vegvesen arbeidet med rassikringsprosjektet Hammarsgrovi-Stølsneset. I samband med anleggstarten vil samferdsleminister Liv Signe Navarsete ta det første "spadetaket".

Rassikringsprosjektet som no startar opp på rv. 5 innerst i Kjøsnesfjorden utgjer tilsaman 3400 meter ny veg. Av dette er 2620 meter tunnel, og om lag 780 meter veg i dagen. I tillegg skal eksisterande veg i stigninga opp mot Fjærlandstunnelen sikrast med fire rasvollar av ulik storleik. Desse rasvollane vert bygt med stein frå tunnelen og frå andre overskotsmassar på anlegget.  Den nye tunnelen, (Støylsnestunnelen) vil eliminere ei rasutsett strekning mellom Lundevassenden og eksisterande rasoverbygg ved Føreneset. Prosjektet er finansiert med statlege midlar, og har ei kostnadsramme på 220 mill. kroner (2007). Det skal stå ferdig hausten 2009.

Hovudentreprenør for rassikringsprosjektet på rv. 5 i Kjøsnesfjorden er Mika AS.

Kontaktperson: Prosjektleiar Odd Erik Haugen Tlf. 57 65 57 68  / 950 46 057

 

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland