Prosjektet rv. 5 Loftesnes-Kaupanger må søkja om kostnadsestimat hjå samferdselsdepartementet.

Arbeidet med ny kommunedelplan for rv. 5 Loftesnes – Kaupanger er i sluttfasen. Rett før påske vart arbeidet med konsekvensutgreiinga, samanstilling av alternativa og anbefalt alternativ sluttført, og prosjektet arbeider vidare med intern godkjenning og produksjon av plandokument og plankart.

Prosjektet har no fått krav om å søkja om kostnadsestimat før planen kan sendast inn til kommunen for vidare behandling. Dette kostnadsestimatet skal godkjennast av samferdselsdepartementet.

- Kor tid ein får svar på om kostnadsestimatet blir godkjent er uvisst, så dette vil òg verke inn på framdrift for når me kan leggja planen ut på høyring, seier planprosjektleiar Steinar Amundsen i Statens vegvesen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland