Opning av Rv. 555 Sotrasambandet blir forseinka
Sotrasambandet skulle opne 1. juni 2027, men brutårna på Nye Sotrabru er forsinka. Riksvegen kan opne tidlegast i 4. kvartal 2027.
Arbeidet med brutårna til Nye Sotrabru har tatt lengre tid enn planlagd. Sotra Link Construction har sett inn tiltak for å ta inn forseinkinga, men opplyser at prosjektet ikkje rekk planlagd opningsdato 1. juni 2027. I følgje Sotra Link Construction er den nye datoen avhengig av akselerasjonstiltaka og at det ikkje oppstår fleire utfordringar.
– Vi veit at mange har sett fram til opning i juni 2027 og vi beklagar forseinkinga, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes.
I følgje Sotra Link Construction er forseinkinga relatert til Drotningsvik-området. Hovudårsaka er utfordrande grunntilhøve som har gjort det naudsynt å fjerne meir stein enn planlagd.
Brutårna vart ferdig støypte 3. desember 2025, og i februar i år startar arbeidet med kablane. Hovudkabel skal på plass, og deretter skal hengestenger til brukassane monterast i kabelen før dei kan heisast opp i hengestengene.
Om prosjektet
Nytt Sotrasamband omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå krysset ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen til krysset ved fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. Omlag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts hengebru på om lag 900 meter, samt 14 kilometer gang- og sykkelveg.
OPS-kontrakten (offentleg -privat samarbeid) som er tildelt Sotra Link har ein verdi på 19,8 milliardar kroner 2022-kroner. Kontrakten blei signert i mars 2022.
Sotra Link AS finansierer, prosjekterer, byggjer og skal drifte og vedlikehalde veganlegget i 15 år etter trafikkopning. Kontrakten er den største enkeltkontrakten som er inngått av Statens vegvesen nokon sinne. Totalramma for prosjektet er 23,1 milliardar 2022-kroner, inkludert førebuande arbeider som starta i 2018.