Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Prosjektgruppa har gjort nye utgreiingar i Vaksdal og Trengereid. Prosjektgruppa vil mellom anna tilrå veg gjennom Vaksdal og ny utforming av kryss på Trengereid. Løysningar som er billigare enn andre alternativ.

Grunna dei nye utgreiingane vil det gå lengre tid til silingsrapporten er klar.  Prosjektleiar Gunnar Søderholm trur ikkje at dette vil ha noko å seie for sluttfrist for reguleringsplanen, men at planprogrammet ikkje vil bli godkjent før neste år.

Fått svar
Før ferien blei det sendt søknad om fråvik til Vegdirektoratet for einskilde vegløysningar for ny E16 frå Arna til Stanghelle. No har prosjektgruppa fått eit foreløpig svar frå Vegdirektoratet når det gjeld hovudvegen gjennom Vaksdal ( VC11/JC1) og  hovudveg gjennom Tolåsen (VC15/JC2).

 Dyrare gjennom Tolåsen
-Faglig sett ser Vegdirektoratet på desse to alternativa som like trafikksikre, men ut frå ei samla vurdering vil vi i silingsrapporten tilrå veg og bane gjennom Vaksdal, seier prosjektleiar Grunnar Søderholm. Mellom anna viser foreløpige berekningar at hovudveg gjennom Tolåsen er 200 – 250 mill kr dyrare.

Ny utforming på Trengereid
Når det gjeld kryss på Trengegreid, så har prosjektgruppa sett på ein ny utforming og på bakgrunn av denne søkt på nytt om fråvik for austvendt kryss i retning Vaksdal.

-Vegdirektoratet er ikkje nøgd med hovudgeometrien gjennom kryssområde og har fokus på austvendte avkjøringsveger på Romslo. Dei meiner at dette blir den beste løysinga, og vil at vi jobbar vidare med den. Om vi ser på kostnadar så vil fullt kryss på Trengereid etter våre berekningar bli 40 millionar kr billegare enn kryss på Romslo, seier han.

Nytt forsøk
Han vil ikkje gje slepp på løysinga med austvendte avkjøringsveger på Trengereid, og vil  gjere eit nytt forsøk på å få denne godkjent.

-Krysset på Romslo er etter vårt syn ei dårlegare og mindre framtidsretta løysing. Om vi ikkje får aksept for austvendte avkjøringsveger på Trengereid, så får vi ta ein avgjersle på kva vi gjer med  trafikken på fv.7 og frå Osterøy, seier Søderholm.

Snakka med grunneigarar
Før ferien var prosjektleiaren saman med eigedomsseksjonen i Statens vegvesen i kontakt med dei fleste private grunneigarane som kan bli direkte berørt av dei nye vegløysingane på Stanghelle, Vaksdal og Arna.
-Dette har vore ei nyttig runde for oss, og vi har blitt tekne godt i mot. No har dei fått informasjon og er meir budd på det som måtte komme, seier han.

Fleire undersøkingar
Mot hausten skal ein rekkje undersøkingar gjennomførast, og prosjektleiaren seier at arbeid med flaumberekningar i Vaksdal vil vere i gong i september og blir gjennomført av NVE.

Han fortel at på same tid skal det gjerast seismikkundersøkingar og grunnundersøkingar for å finne ut av fjellkvaliteten og kor fjellet går i Vaksdal, Tolåsen, Stanghelle og Burdalen. 

-Vi er i gong med forarbeid for å få gjennomført grunnundersøkingar som vil bli eit nokså omfattande arbeid. Vi skal og arbeide med kartlegging av naturmangfald og vassmiljø no i haust, seier han.

Prosjektleiaren fortel at dei er i gong med forprosjekt for å deponere massar i Grimevatnet. -

-Her må vi finne ut om dette er eit aktuelt deponiområde gjennom ein god del utgreiingar og undersøkingar, seier han.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland