Fråviksportalen vil vere eit nøkkelverktøy for ei betra og meir effektiv saksbehandling.

Offentlege vegar blir bygde etter strame retningslinjer for å få eit trafikksikkert, einsarta og forståeleg vegnett. I kostnadseffektiv vegbygging er det vanleg å søkje om fråvik – altså be om å få unntak frå vegnormalane.

- Me får søknader om fråvik frå omtrent alle utbyggingsprosjekt. Naudsynte tilpassingar på fagleg godt grunnlag, får karta til å stemme med terrenget. Det bidreg til å sikre ei kostnadseffektiv vegbygging og tilpasse utbygginga til lokale forhold, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Når vegbyggaren har sendt alle naudsynte opplysningar, svarer Vegdirektoratet normalt innan femten arbeidsdagar. Den nye fråviksportalen vil vere til stor nytte både for søkjarar og dei som behandlar søknader om fråvik.

Rett til rett medarbeidar

Fråviksportalen vil ta hand om alle søknader om fråvik som skal behandlast av Vegdirektoratet.

Med den nye løysinga blir søknader om fråvik sende direkte til den seksjonen i Vegdirektoratet som skal behandle søknaden. Saka blir automatisk journalført, og søkjaren får ei kvittering på at søknaden er motteken.

Du finn den digitale løysinga for innsending av søknad om fråvik på vegvesen.no/fravik

Digital verdikjede

Statens vegvesen har meir enn femti tenester som kommuniserer digitalt med brukarane. Samfunnet sparer mange millionar kroner i året på dette. Det er viktig med kontinuerleg forbetring. Vi ønskjer oss meir og meir digital behandling av søknadene. Me kjem tilbake med ny informasjon når me kan gle oss over ei endå meir digital løysing.

Demonstrasjon av løysinga

Demonstrasjon av digital fråviksportal for vegbyggjarar.