For å kunne arrangere arrangement på, langs eller nær veg, er det fleire partar som må involverast.

Politiet

Du må orientere politiet om arrangementet og eventuelt behov for bistand til trafikkavvikling. All informasjon finn du på Arrangementer (Politiet) 

Vegeigar

Den som er eigar av arealet som er ønskt nytta må orienterast. Dette vil vere Statens vegvesen for riksvegar og europavegar, fylkeskommunane for fylkesveg, kommunane for kommunal veg eller andre private vegeigarar. På vegkart kan du finne ut kva vegen er registrert som. Søk gatenamn og trykk på vegen i kartet. Gjeld arrangementet kun fylkesveg, kommunal veg eller privat veg, må søknad først rettast mot vegeigar og politiet, og så eventuelt til Statens vegvesen ved behov for trafikkregulering.

Statens vegvesen 

I tillegg til å vere vegeigar når arrangement gjeld riks- og europaveg, må Statens vegvesen orienterast dersom arrangør treng trafikkregulering eller andre offentlege skilt under arrangementet.

Sjølve arrangementet kan krevje fleire søknader

Bruk av veg

Ved søknad om bruk av offentleg veg, må det kontrollerast at arrangementet ikkje er i konflikt med planlagt arbeid på eller langs vegen. Søknad må innehalde detaljert informasjon om kvar arrangementet skal gjennomførast, kva type arrangement det er snakk om, kva konsekvensar det får for andre trafikantar, og varigheita til arrangementet inkludert rigging.

Søknad om bruk av veg blir behandla av vegeigar.

Reklame

Midlertidig reklame langs offentleg veg er søknadspliktig, og må behandlast etter retningslinjer for reklame og trafikkfare, sjå V323 Reklame og trafikkfare (PDF). Reklame er søknadspliktig sjølv om reklamen ikkje er på eigendommen til vegeigar, så lenge reklamen er synleg frå vegen.

Søknad om reklame må vise

  • kvar all reklame skal plasserast
  • korleis reklamen skal settast opp/festast
  • kva innhald reklamen skal ha (tekst/bilde)
  • kva visuelt uttrykk reklamen vil vise (fargar)

Søknad om reklame blir behandla med heimel i veglova (Lovdata) §§ 33 eller 57, av vegeigar.

Sjå også Søk om reklame langs vei

Trafikkregulering

Midlertidig trafikkregulering, skilt og oppmerking etter skiltforskrifta krev vedtak. Statens vegvesen behandlar midlertidig skilting, oppmerking eller trafikkregulering der vi har mynde til dette. Søknad om midlertidig regulering etter skiltforskrifta må innehalde plan som viser kva skilt/oppmerking/regulering som er tenkt nytta under arrangementet, kvar dei ulike objekta skal stå og når det er ønske om at vedtaket skal gjelde (til-frå med dato og klokkeslett).

Det kan og søkast om trafikkregulering for vedtak som ikkje er på eller langs veg, men som har så mange involverte at det er naudsynt på grunn av trafikksikkerheita.

Der vegeigar ikkje sjølv har mynde til midlertidig skilting eller regulering etter skiltforskrifta (Lovdata), må Statens vegvesen fatte midlertidig vedtak for at skiltinga eller reguleringa skal vere gyldig. Med gyldig regulering meinast her til dømes offentlege trafikkskilt som politiet kan handheve når skilta er avdekka.

Søknad sendast til  eller per post til Statens vegvesen, Postboks 1010,  Nordre Ål 2605 Lillehammer. Søknad bør sendast minst 2 månader før arrangementet startar, og helst så tidleg som mogleg. For sein søknad kan føre til at søknaden ikkje vert behandla i rett tid.

Arbeidsvarsling

Alt arbeid med oppsetting av offentlege og private skilt og anna arbeid nær offentleg veg, er omfatta av reglane om arbeid på veg. Dette krev godkjende arbeidsvarslingsplanar, jamfør vegnormal N301 Arbeid på og ved veg for å ivareta sikkerheita til dei som gjer jobben og andre trafikantar.

Sjå også Arbeidsvarsling

Loggføring

Ved midlertidig trafikkregulering, må søkar sjå til at reguleringa startar og sluttar i samsvar med vedtaket. Arrangør må dokumentere dette og sende dokumentasjonen til Statens vegvesen. Ved spørsmål om kva regulering som var gjeldande på gitt tidspunkt, kan dokumenta bli tilsend til tredjepart.

Søk om arrangement på vei eller bane