Med klasse C1 kan du blant anna køyre lett lastebil. Du kan trekkje ein tilhengjar på inntil 750 kg.

Du må vere minst 18 år for å ta førarkort for klasse C1.

Klasse C1 gir deg ikkje fleire rettar når du køyrer personbil i klasse B.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Lett lastebil

Du kan køyre lett lastebil med ei tillaten totalvekt mellom 3 500 kg og 7 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.

Lastebil med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar når han har ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.

Dersom du vil trekkje ein tyngre tilhengjar, må du ta klasse C1E.

Traktor

Du kan køyre traktor med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg. Det er inga avgrensing på kor fort han maks kan gå.

Du kan køyre traktor med tilhengjar dersom traktoren maks kan køyre 40 km/t.

Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Merk: Dersom du tok førarkort i klasse T eller B før 1. januar 2005, kan du køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå. På førarkortet er dette markert som kode 142.

Motorreiskap

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.

Det er inga avgrensing på kor fort han maks kan gå.

Du kan køyre motorreiskap med tilhengjar dersom motorreiskapen maks kan køyre 40 km/t.

Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Med klasse B tatt før 2005 (kode 152) når du tok klasse C1 i 2005 eller seinare

Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg. Det er inga avgrensing på kor fort han maks kan gå.

Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg dersom han maks kan køyre 50 km/t.

Med klasse C tatt før 1. januar 2005 (kode 140)

Du kan køyre motorreiskap utan avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.

Vil du ta førarkort for klasse C1?

Sjå korleis du får førarkort for klasse C1.

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar.

Sist oppdatert: