Du kan få godkjent utrykkingskompetanse dersom du har utdanning og yrkeserfaring frå ein annan EØS-stat eller Sveits.

Du kan søkje om å få godkjent utrykkingskompetanse, og få kode 160 på førarkortet. Då må utdanning og jobb i ein annan EØS-stat eller Sveits ha gitt deg kvalifikasjonar som svarar til norsk utrykkingskompetanse.

Slik søkjer du

Fyll ut søknadsskjemaet Søknadsskjema for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar som utrykkingssjåfør frå ein annan EØS-stat (PDF)

Legg følgjande dokument ved søknaden:

  • relevant kompetanseattest/kvalifikasjonsbevis
  • dokumentasjon på relevant arbeidserfaring med utrykkingsoppdrag
  • helseattest som viser at du oppfyller helsekrava for førarkortgruppe 3 med kompetansebevis
  • stadfesting av arbeid som viser at du har behov for å køyre utrykking i Noreg
  • kopi av gyldig førarkort (både fram- og bakside)

Alle vedlegg unntatt helseattesten skal vere stadfesta kopiar av originalen. Ein stadfesta kopi er her ein kopi av originaldokumentet som er stadfesta med stempel og signatur av for eksempel ein offentleg institusjon. Helseattesten skal vere i original utgåve.

Du må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å kunne utøve yrket ditt på ein tilfredsstillande og forsvarleg måte. Arbeidsgivaren din må sikre at språkkunnskapane dine er gode nok. Vedtak og eventuelle utlikningstiltak vil vere på norsk.

Behandling av søknaden

Søknaden din blir behandla i to prosessar:

  • Vurdering av om kompetansen din kan godkjennast: Kompetanseattester/kvalifikasjonsbevis, relevant arbeidserfaring og gyldig førarkort inngår i vurderinga.
  • Vurdering av om du kan få kompetansebevis: Du må ha godkjend helseattest og eit arbeidsforhold eller frivillig arbeid som gir deg behov for å køyre utrykking i Noreg.

Blir søknaden din godkjend, får du kode 160 på det norske førarkortet ditt. Er du ikkje busett i Noreg, får du ei stadfesting på at kompetansen din er godkjend, frå Statens vegvesen.

Utrykkingskompetanse