Reisetider-publikasjonen inneheld reisetider i sekund mellom to målepunkt. Vi oppdaterer reisetida for alle delstrekningar kvart femte minutt.

Publikasjonen inneheld reisetider for

  • hovudvegnettet rundt Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim
  • E18 frå Oslo til Aust-Agder
  • E6 frå Ås til Kolomoen
  • E8 frå Skibotn til finskegrensa

Publikasjon

Reisetider-publikasjonen består av to publikasjonar, éin for måleverdiane og éin for den geografiske posisjoneringa. Du må registrere deg for å ta i bruk lenkene.

Måleverdiar

Publikasjonen inneheld reisetider for heile landet. Mottakar må sjølv filtrere på by/stad. Publikasjonen inneheld målte reisetider i sekund, og vi oppdaterer han kvart femte minutt. Forseinkingar blir rekna ut i forhold til manuelt bestemte normalreisetider for strekningane.

  • Versjon 3.1: https://datex-server-get-v3-1.atlas.vegvesen.no/datexapi/GetTravelTimeData/pullsnapshotdata

Geografisk posisjon

Publikasjonen inneheld strekningsgeometri, namn og identifikator for strekningane vi måler reisetid på. Vi oppdaterer publikasjonen når det skjer endringar på plasseringa av målestasjonar eller strekningar.

  • Versjon 3.1: https://datex-server-get-v3-1.atlas.vegvesen.no/datexapi/GetPredefinedTravelTimeLocations/pullsnapshotdata

Skildring av datasettet

Informasjonen vi bruker til å generere reisetider, hentar vi inn ved hjelp av antenner langs vegen. Antennene registrerer passeringar av køyretøy med AutoPASS-brikker.

Utrekning av reisetider

Reisetider blir genererte ved at målestasjonar registrerer eit anonymt dataelement i AutoPASS-brikkene. Brikkedata for to stasjonar som følgjer etter kvarandre blir så sette saman til ei enkeltreise. Reisetida blir rekna ut som eit gjennomsnitt av reisetida for køyretøy som har køyrt ei gitt strekning innanfor eit intervall på fem minutt.

Algoritmen som reknar ut reisetider, tar omsyn til fleire faktorar. For eksempel vil svært korte og svært lange reisetider bli kasta. Forseinkingar blir rekna ut mot ei manuelt målt normalreisetid. Normalreisetida er ofte basert på fartsgrensa, men lokal kunnskap om trafikken på ei strekning kan føre til at vi justerer normalreisetida.

Vi måler ikkje reisetid i kollektivfelt. Vi skil heller ikkje på reisetidene for ulike typar køyretøy, som privatbilar og lastebilar.

Måling av strekningar

Det er målepunkt for reisetider i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. I tillegg er det målestasjonar langs E18 frå Oslo til Agder, langs E6 frå Ås til Kolomoen og på E8 frå Skibotn til finskegrensa.

Det er dei største pendlarårene i og rundt byene som er dekte med registreringspunkt, sidan det er på desse strekningane det er flest framkomstproblem.

Vising av forseinkingstrend

Det følgjer med eit flagg som viser forseinkingstrenden, det vil seie om det er aukande, stabil eller avtakande forseinking på ei strekning. Dette er til bruk for informasjonstavler eller kartvising av køsituasjonar.

Har du innspel?

Send oss gjerne tilbakemeldingar eller forslag til forbetring av reisetider-publikasjonen på e-post.

Publikasjonar