Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

I samband med at planprogrammet no er lagt ut på høyring på E16 og Vossebanen, står fire folkemøte for tur. Først ut var folkemøte i Arna.

Til tross for strålande sommarver og høge temperaturar tok om lag 70 bebuarar i Arna turen til Ljoshallen for å høyre på planleggarane frå Statens vegvesen og Bane Nor om kva som er gjort så langt, og vegen vidare.

Mogleg byggestart i 2022

Prosjektleiar Gunnar Søderholm opna møte med å fortelje litt om planprosessen framover.

-Planprogrammet er no lagt ut på høyring der fristen er 6. juli for at folk kan gje oss innspel på dette, og til hausten blir planprogrammet vedtatt. Den statlege reguleringsplanen er planlagt vedteken hausten 2020, og da kan det vere moglege med ein byggestart i 2022 der E16 og Arna-Trengereid er det mest aktuelle første byggetrinnet, seier Søderholm.

Han sa at det ikkje er tvil om at noko må gjerast med E16 då han tok fram at E16 no er kåra til «Noregs verste veg» der for mange trafikantar døyr og bebuarar langs vegen må leve i konstant frykt for ras.

Kvifor start i Arna?

I forsamlinga var det litt lite tolmod for å høyre om prosessane.

-Vi treng å få høyre om kva som er konsekvensane for oss?, seier ein mann i salen.

Ein annan stilte seg kritisk til kvifor ein skal prioritera å starte med E16 frå Arna til Trengereid då det ikkje er nokon rasfare på denne strekninga. Han lurte på om dette er kostnadseffektivt i det heile.

Planleggar Olav Lofthus svarte at det berre er denne strekninga som er mogleg å bygge uavhengig av resten før 2024.

-Det har å gjere med at det ikkje er rømingssystemet mellom veg og bane på denne strekninga. Frå Trengereid må banen difor vere med når vi skal bygge vegen. Midlane til bane kjem ikkje før 2024, seier Lofthus.

Tre stasjoner

I planprogrammet er det tilrådd tre jernbanestasjonar i Arna, Vaksdal og Stanghelle. Stasjonen på Trengereid blir lagt ned. Her blir det to rundkøyringar og ein tilrettelegging for buss. Kjell Roar Nordvik, prosjektsjef i Bane Nor gjekk gjennom teikningar over korleis stasjonen i Arna vil bli sjåande ut i 2022. Det blei ein del kritiske røstar til at dei ikkje kunne sjå at det ikkje var med parkeringsplassar på teikningane. Nordvik ønskte innspel velkomne, men parkeringsplassane ligg utanfor dette planprogrammet.

Stein til 329 rådhus

Til slutt gjekk Kjell Kvåle frå Statens vegvesen gjennom det utfordrande arbeidet med å finne plass til dei enorme mengda med stein som vil kome frå prosjektet.

-Eg har planlagt veg sidan 1970, men er har aldri vore borti så større utfordringar når det gjeld stein enn på dette prosjektet. Bergen flommar over av stein allereie. Vi har heile 11 milliardar kubikk med stein. For å gje eit bilete så kunne Bergen rådhus bli fylt heile 329 gonger med denne mengda med stein. Steinen skal bli brukt til samfunnsnyttige formål, seier han, og legg til at botnen i Grimevatn er undersøkt for sjå om vatnet er egna for å ta i mot steinen. Endeleg rapport vere ferdig til over sommaren.   

Aktuelt for fylke(r): Vestland