Statens vegvesen har lyst ut oppdraget med å byggje ny bru på E6 over Reisaelva i Nordreisa kommune.

Illustrasjon av den nye brua på E6 over Reisaelva.
Slik blir den nye brua på E6 over Reisaelva. Illustrasjon: Statens vegvesen

Den nye brua skal byggjast på Storslett, som er kommunesenteret i Nordreisa kommune i Nord-Troms. Brua består av to skilde konstruksjonar, og skal erstatte dagens to bruer som vart bygd i 1955. Dei gamle bruene er i dårleg stand. Dei er for smale til at to vogntog kan møtast, og dei har både vekt- og høgdeavgrensingar.

E6 gjennom Nordreisa er hovudvegen mellom Finnmark og resten av Noreg. Einaste omkøyringsveg er via Finland. Storslett bru har ein gjennomsnittleg trafikk på 5000 bilar i døgnet.

Den nye brua skal byggjast i dagens veglinje. Ei breiare bru med auka bereevne og god tilrettelegging for gåande og syklande skal gi betre framkomme og trafikktryggleik for alle trafikantar.

Ny bru skal byggjast på land

Statens vegvesen tek i bruk ein byggjemetode som berre har vore brukt på 3-4 bruer i Noreg tidlegare. Hovudspennet på den nye brua over Reisaelva skal byggjast på land, og Statens vegvesen har leigd ein fotballbane like ved til byggjearbeidet.

– Vi byggjer den nye hovudbrua på fotballbanen. Når ho er ferdig, fraktar vi ho bort og skyv ho på plass over elva. Der blir ho plassert på mellombelse fundament nedanfor den gamle brua, og vegen blir lagd om over denne. Deretter blir gammalbrua drege av og frakta til fotballbanen der ho blir demontert og hogd opp.

– Nye brukar blir bygd etter at dei eksisterande vert fjerna. Så kan den nye brua flyttast over på dei nye brukara. Vi vil trenge ei helg utan trafikk når den siste operasjonen skal gjerast, seier byggjeleiar Ole Kleven i Statens vegvesen.  

Blir ikkje mellombels bru

Det har teke lang tid å planlegge brua. Ein av grunnane er at Statens vegvesen hadde tenkt å byggje ei mellombels bru nedstraums, medan dei gamle bruene vart rivne. Dette gjekk dei bort frå då dei valde den nye byggjemåten.

– Hovudspennet på mellombels bru hadde vorte 70 meter langt. Det hadde både vorte vanskeleg å byggje og svært kostbart å leiga ei mellombels bru, seier Kleven.

Fristen for å levere anbod er 15. februar 2024. Planen er at entreprenøren som får oppdraget skal starte opp i løpet av våren 2024, og at ny bru over Reisaelva kan opne for trafikk hausten 2026.

E6 Storslett bru | Statens vegvesen

Doffin: Lysning E6 Storslett bru

Aktuelt for fylke(r): Troms og Finnmark