— Prosjektet Hardangerbrua omfattar bygging av ei 1380 m lang hengebru over Eidfjorden med tilførselsvegar, 2,4 km tunnel og om lag 1 km veg i dagen. Hardangerbrua skal erstatte ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Prosjektet er planlagd ferdig våren 2013.
— Hardangerbrua vert eit landemerke. Når brua står ferdig om fem år vil den ha ein varig signatur som passar inn i landskapet. Statens vegvesen vil presentere dei arkitektoniske hovudgrepa med to opne tunnelportalar og to brutårn på meir enn 200 meter.