Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Nærmar oss normal sakshandsamingstid på 2-4 dagar for å få godkjent eit køyretøy

I juli var det opptil 17 dagar å få godkjent eit køyretøy, men vi er snart tilbake til normal sakshandsamingstid på 2-4 dagar, opplyser Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør for Trafikant- og køyretøy i Statens vegvesen, Region vest som har nasjonalt ansvar for ordninga med enkeltgodkjenning.

Les meir om enkeltgodkjenning på Vegvesenets nettside.

– Blir ventetida for lang på enkelte lokasjonar, utvidar me tilbodet til ettermiddag og eventuelt laurdagar i ein kortare periode. Statens vegvesen sine nettsider er staden ein går for å bestilla time for framvising av køyretøy.

Her kan ein enkelt søke opp kvar ein kan få første ledige time, og endre på allereie bestilte timar dersom dette er naudsynt, seier han.

Ny nasjonal godkjenningsordning

Våren 2019 blei heile landet inkludert i ein ny nasjonal godkjenningsordning, Det å få enkeltgodkjent eit køyretøy er tidkrevjande og krev kunnskap. Prosessen involverer importør, påbyggar og myndigheitene. Kvaliteten på innsendt dokumentasjon og tydeleg eigarskap frå påbygger på valte løysingar, er heilt avgjerande for ein rask saksgang, seier Rinde.

Meir effektiv

Rinde seier at føremålet med innføring av den nye omlegginga er å sikre lik nasjonal handsaming og dermed også betre trafikktryggleik.

– Når ein klarer å handsama ting meir einsretta, blir det og meir forutsigbart og effektivt. Denne nye ordninga får og fram ansvarsforholda for dei involverte i godkjenningsprosessen på ein langt betre måte, seier han.

Bransjen har tilpassa seg

Olav Lindvik som er operativleiar og koordinator for det nye sentraliserte ordninga for dokumentgodkjenning i Vegvesenet, seier at bransjen har tilpassa seg den nye ordninga på en god måte.

– Første saka er gjerne den som er mest tidkrevjande ettersom ein må forholda seg til ein ny digital innsendingsløysning. Når ein har nødvendige tilgangar på plass, er prosessen tilnærma lik slik det har vore tidlegare. Vegvesenet har brukt mykje tid på å informera om den nye ordninga til alle aktørane i bransjen og gje opplæring. Erfaringane så langt er positive, og me ser at heile prosessen går raskare med den nye ordninga dersom søkaren har sendt inn rett dokumentasjon, seier Lindvik.

Statens vegvesen vil måndag 26. august halde eit nytt møte med bransjen og orientere om status i ordninga.

For meir informasjon kontakt:

Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør for trafikant- og køyretøy Statens vegvesen, Region vest, mobil 930 31 874.

Enkeltgodkjenning av tunge kjøretøy
Kontrollør Susanne Olsen Soltvedt sjekker om hovedlysa har riktig merking (e-merking) Foto: Statens vegvesen