Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Tysdag 21. januar arrangerer Statens vegvesen informasjonsmøte for interesserte tilbydarar på OPS-kontrakten om nytt Sotrasamband.

Så langt har meir enn 80 selskap henta ut konkurransedokumenta. Selskapa som har henta ut dokumentasjon er frå norsk entreprenørbransje, konsulentselskap og advokatar. Internasjonale entreprenørselskap viser òg interesse.

Tid: Tysdag 21. januar klokka 12:00‒15:00         

Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen

Informasjonsmøtet er ope for pressa. Dersom pressa ynskjer å delta ber vi dei kontakte Linn Christin Rebnord på e-post

Om prosjektet

Sotrasambandet er Noregs største enkeltståande samferdslekontrakt. Tilbodsgrunnlaget for OPS-kontrakten vart sendt ut i marknaden via Doffin rett før jul. Fristen for å melde interesse for kontrakten om Sotrasambandet er 28. februar. Då skal alle interessentar ha sendt inn dokumentasjon på at dei fyller kvalifikasjonskrava. Etter gjennomgang av kvalifikasjonar, vil Statens vegvesen gå i forhandlingar med tre interessentar. Dette skjer før sommaren 2020. Kontrakten skal etter planen vere signert i 2021.

Når det står ferdig vil nytt Sotrasamband få ny firefelts motorveg, eigne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelvegar. I prosjektet inngår 28 bruer, 22 portalar og fire toløpstunnelar. 

Kontaktperson:

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde, telefon 930 31 874