E39 Bokn–Bømlafjorden
Strekninga E39 Bokn–Bømlafjorden er i dag en strekning på 67 km som er sterkt belasta med ulykker, den har mange kryss og avkøyringar.
Når strekninga frå Stavanger til Bergen er ferdig utbygd, vil køyretida mellom byane bli redusert frå dagens 4,5 timar til rundt to timar. På strekninga mellom Arsvågen i Bokn og tunnelopninga for Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune vil køyretida bli 30 minutt kortare samanlikna med i dag. Dette gir innbyggarane i området fleire moglegheiter til val av bustad og arbeidsplass. Regionen får òg heilt andre konkurransevilkår når turen Stavanger – Bergen tek to timar.
Siste saker:
07.10.2025: Stor interesse for informasjonsmøter
19.09.2025: Her ligger videoer, kart og presentasjon fra folkemøtet
17.09.2025: Se informasjonsmøtet fra Tysvær direkte her.
29.08.2025: Inviterer til informasjonsmøter i september
29.08.2025: Blir din eiendom berørt? Her kan du lese mer om dine rettigheter.
29.08.2025: Meld deg på nyhetsbrev.
Planlegginga av korleis den framtidige europavegen gjennom kommunane Bokn, Tysvær og Sveio er i startgropa. Med utgangspunktet i konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Aksdal–Bergen, er det i første omgang strekninga Bokn-Bømlafjorden det skal utarbeidast ein kommunedelplan (KDP) med konsekvensutredning (KU) for.
Statens vegvesen tar sikte på å ha forslag til kommunedelplan klar for offentleg ettersyn i 2026.
Hovudmål for prosjektet
Kortare reisetid, færre ulukker totalt, ingen møteulukker, reduserte reisekostnader, knyte bu- og arbeidsområde tettare saman. Prosjektet er ein del av Ferjefri E39 Stavanger-Bergen
- Vei:
- E39
- Fase:
- Alternativ velges
- Kommuner:
- Bokn, Tysvær, Sveio
- Fylker:
- Vestland, Rogaland
- Lengde:
- 67 km
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt