Statens vegvesen utarbeider detaljreguleringsplan for ny E39 på strekninga Storehaugen – Førde i Sunnfjord kommune. Frist for å gje innspel er 1. april.

Kart med oversikt planområdet.
Oversikt over varsla planområde for ny E39 Storehaugen-Førde.

Prosjektet omfattar ca. 7,5 km tunnel og veg i dagen/kryss ved Storehaugen og ved Bruland. Planområdet omfattar også massedeponi ved Storehaugen (Espeland).

Frist for innspel til planarbeidet er innan 1.april.

Det blir ope møte om planarbeidet 15.mars kl. 19.00 i Førdehuset.

Plandokumenta finn du her.

Send innspel skriftleg til firmapost@vegvesen.no eller til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer. Merk med 21/164114 eller E39 Storehaugen – Førde.

Du kan også gje innspel til planoppstart via interaktivt kart.

Ved spørsmål, ta kontakt med planleggingsleiar Magna Vangsnes magna.vangsnes@vegvesen.no tlf. 57 65 58 53 .

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Sunnfjord