Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Reguleringsplanen for E39 Storehaugen-Førde vart vedteken i Sunnfjord kommunestyre 16. februar 2023.

Statens vegvesen sitt framlegg til detaljreguleringsplan E39 Storehaugen – Førde hadde då vore til høyring og offentleg ettersyn. Mottekne merknader gjekk i hovudsak på nedbygging og erstatning av landbruksareal, lukking av Lisjebekken på Bruland, massehandtering, kulturminne, drikkevatn, avbøtande tiltak som er avdekka i konsekvensutgreiingane med meir.

Statens vegvesen har justert planframlegget etter høyring og offentleg ettersyn, for å kome i møte merknader og motsegner frå Vestland fylkeskommune og Norges vassdrags og energidirektorat (NVE). Området ved Espeland er trekt ut av planen, slik at motsegna frå Vestland fylkeskommune ikkje var gjeldande for planen som vart lagt fram for godkjenning. NVE trakk si motsegn, då Lisjebekken på Bruland vart endra til ope vassdrag.

Kommunedirektøren vurderte det slik at den reviderte detaljreguleringsplanen vil sikre nødvendige areal og føringar for å etablere ny E39 mellom Storehaugen og Førde.

Dokumenta i reguleringsplanen finn du her.