1. Utredes
  2. Alternativ velges
  3. På vent
  4. Reguleringsplan
  5. Bygging forberedes
  6. Bygges
  7. Åpnet
Foto: Statens vegvesen

Hvor?

Fylker:
Vestland

Kommuner:

Stord

Hva?

Rundt seks kilometer ny firefelts veg som kan planleggast for opptil 110 km/t. Vegen er i hovudsak planlagt vest for dagens E39. med nye planfrie kryss på Heiane og Ådland. På Ådland er det planlagt at vegen møtar ny E39 til Tysnes og Os, også kjent som Hordfast.

Hvorfor?

Vegen er ulykkesutsett med ei rekkje ulykker med omkomne og hardt skadde. Strekninga er ein del av å redusera reisetida mellom Stavanger og Bergen frå over 4 timar, til under 2 timar. Ny veg vil auka framkommenligheten for tungtransport og auke trafikktryggleika.

Kart

Området © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Det prosjektutløysande behovet i denne konseptvalutgreiinga var redusert reisetid for å utvikle landsdelen og knyte Stavanger- og Bergensområdet betre saman. Ferjefrie løysingar vart vurderte i tillegg til innkorta ferjestrekning med betra frekvens.

Statens vegvesen tilrådde å gjennomføre ei tilleggsutgreiing for å vurdere om det teknisk og økonomisk var mogleg å bygge ferje mellom Tysnes og Os. I tilleggsutgreiinga vart ulike bruløysingar vurdert, og kostnader og nytte vart samanlikna med det indre alternativet via Fusa.

Konklusjonen var at det var teknisk mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Dette viste seg som ei betre løysing enn veg via Fusa, både med omsyn til samfunnsøkonomi og regionale verknader. Statens vegvesen tilrådde då å gå vidare med planlegging av midtre linje, med bru over Bjørnafjorden, mellom Stord og Os.

Det vart gjennomført KS1 av den første leveransen, og dei konkluderte med ferjefri løysing med bru mellom Tysnes og Os. 

KVU-en for E39 Aksdal–Bergen vart lagd fram i juni 2011, og arbeidet vart avslutta med tilleggsutgreiing i februar 2013.

 

Forslaget til planprogram vart fastsett av kommunestyret til Stord kommune 12. februar 2015.

Planprogrammet avgrensa kor Statens vegvesen skal planlegge den overordna planen som fastset framtidig trasé og andre overordna prinsipp for utviklinga av E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita.

Stord kommune vedtok 28.04.2016 alternativ 5 i kommunedelplanen, men Statens vegvesen hadde motsegn til dette alternativet grunna høgt kostnadsnivå.

Saka gjekk difor til Kommunal- og moderniseringsdepartmentet (KMD) som vedtok alternativ 4.

I etterkant av dette har Stord kommune bede Kommunal og moderniseringsdepartementet om å få vurdera andre alternativ opp mot alternativ 4, hovudsakleg alternativ 2.

Dette fordi Stord kommune oppfatter at det for enkelte omsyn kan vera lågare konfliktnivå ved alternativ 2 opp mot alternativ 4. Kommunen fekk aksept frå departementet for å vurdera alternativ 2 opp mot vedtatt kommunedelplan.

Planen byggjer i hovudsak på allereie utgreidd alternativ som var ein del av arbeidet med vedtatt kommunedelplan for E39 Heiane Ådland. Utkast til ny plan vart lagt ut til offentleg ettersyn 30.06.2024.

Det kom inn 13 merknader frå offentlege instanser og private. 

Statens vegvesen fremja motsegn til planen. Motsegnspunkta var knytt til manglande vurderingar i høve til kostnadstal og trafikkgrunnlag mellom anna.

Kommunen har hatt fleire møter med Statens vegvesen i høve til dette og det er utarbeida ein utvida grunnlagsdokumentasjon. På bakgrunn av  dette har Statens vegvesen trekt motsegna. 

I etterkant av departementets vedtak i 2016 ba Stord kommune Kommunal og moderniseringsdepartementet om å få vurdera andre alternativ opp mot alternativ 4, hovudsakleg alternativ 2.

Dette fordi Stord kommune oppfatter at det for enkelte omsyn kan vera lågare konfliktnivå ved alternativ 2 opp mot alternativ 4. Kommunen fekk aksept frå departementet for å vurdera alternativ 2 opp mot vedtatt kommunedelplan.

Stord kommune vedtok 27. mars 2025 kommunedelplan for E39 Heiane – Ådland for alternativ 2. Dette erstatter gjeldande plan som regulerar alternativ 4. 

E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita er ikkje omtala i siste vedteke Nasjonale transportplan frå Storting og regjering. Prosjektet må omtalast i NTP før Statens vegvesen kan prioritere arbeid med reguleringsplan. 

Dersom prosjektet blir omtala i Nasjonal transportplan, kan Statens vegvesen starte med reguleringsplan for prosjektet. 

Alle statlege prosjekt over én milliarder kroner må gjennomføre ekstern kvalitetssikring KS2. 

Stortinget må vedta finansering av prosjektet. Først då kan kontrakta lysast ut. 

Det er uvisst når prosjektet kan få byggjestart. Stortinget må først vedta finansering. 

  • Fagdepartementa har også sagt sitt
    — Samferdsledepartementet og Klima- og miljødepartementet har no kome med sine tilrådingar i motsegnssaken om E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita på Stord.
  • Departement og direktorat på synfaring
    — Som ledd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeid med å konkludere i planlegginga av ny E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita, vart det 25. oktober arrangert møte og synfaring på Stord.
  • Stord kommune vedtok alternativ 5
    — I kommunestyremøte torsdag 28. april slutthandsama Stord kommunestyre kommunedelplan for E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita. Fleirtalet i kommunestyret heldt fast på innstillinga frå formannskapet og vedtok alternativ 5.
Se alle aktueltsaker
Totalkostnad:
2325 mill. 2015-kr.

Mer om prosjektet

Statens vegvesen har utarbeidd kommunedelplan for E39 på strekninga Heiane – Ådland/Nordre Tveita ved Leirvik i Stord kommune.

Gjennom dette planarbeidet og Stord kommune sine vedtak er det bestemt framtidig trasé og andre overordna prinsipp for utviklinga av E39 på denne strekninga.

Vegen som er planlagt er ein firefeltsveg, dimensjonert for fartsgrense 110 km/t. Det er lagt opp til to kryss på strekninga: Eitt ved Heiane og eitt ved Ådland. Gang- og sykkeltrafikken vert leia langs dagens E39. 

I Nasjonal transportplan for 2025-2036 er ikkje E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita omtala. Dette betyr at Stortinget ikkje ser føre seg noko utbygging av vegstrekninga i denne perioden. Statens vegvesen arbeidar difor ikkje vidare med reguleringsplan for dette prosjektet no, men ventar med dette til ei utbygging er nærare føreståande.

Kontakter

Marius Slinde

Prosjektleiar
Telefon:
909 86 891
E-post: