Statens vegvesen legg no ut planen for ny E39 mellom Stord og Os, Hordfast, på høyring. Ny veg vil redusere reisetida med éin time.

E39 er hovudvegen på Vestlandet. Ny E39 vil redusere reisetida med opp mot ein time og gi ei langt betre transportåre mellom bu-, industri- og næringsområde som Stavanger, Haugesund, Karmøy, Stord og Bergen.

Kartet viser ny E39 mellom Stord og Os.
Kartet viser ny E39 mellom Stord og Os. Illustrasjon: Statens vegvesen

Viktig del av langsiktig arbeid

Statens vegvesen har i mange år arbeidd med å få ned reisetida mellom Bergen og Stavanger til under to timar.

  • I 2022 opna ny veg mellom Bergen og Os. Reisetida vart redusert med minst 17 minutt.
  • Ny E39 mellom Stord og Os held fram sørover frå der vegen opna i 2022 og gir ei innsparing i reisetid på opptil ein time.
  • Lenger sør, mellom Bokn og Bømlafjorden, planlegg vegvesenet ny veg som vil redusere reisetida med 30 minutt.
  • Sør mot Stavanger er Rogfast allereie under bygging. Rogfast vil åleine redusere reisetida med rundt 45 minutt.

Lengste planlagde strekning

På bestilling frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen sidan hausten 2020 utarbeidd forslag til statleg reguleringsplan for 55 km ny E39 mellom Ådland og Svegatjørn, også kjend som Stord–Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gong.  Det er gjennomført eit omfattande planarbeid for å belyse vegprosjektet og konsekvensane.

På vegvesen.no ligg no plankart, reguleringsføresegner, planomtale, konsekvensutgreiing for alternativa sør på Tysnes, fagrapportar og  andre plandokument saman med bilde og filmar som illustrerer vegen.

Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer.
Illustrasjon av ny E39 mellom Søreid og bru over Bjørnafjorden. Vegen vekslar mellom tunnelar, veg i dagen og bruer. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Prosjektleiar Henry Damman i Statens vegvesen er oppteken av at planen som no blir lagt ut på høyring, er meir enn sjølve fjordkryssinga.
– Dette er den lengste samanhengande vegstrekninga i Noreg vi har laga reguleringsplan for. Mange forbind kanskje prosjektet med ingeniørkunsten ved å lage verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden. Prosjektet og reguleringsplanen inneheld langt meir enn det, med til saman 55 km europaveg, minner han om.

Brua over Bjørnafjorden blir på om lag 5,5 km og er planlagt  som ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Brua går frå Kaldafoss nord på Reksteren i Tysnes kommune til Gulholmane sør for Røtinga i Bjørnafjorden kommune der vegen fortset i ein 7,7 km lang tunnel. Kjelde: Statens vegvesen/COWI
Brua over Bjørnafjorden blir på om lag 5,5 km og er planlagt som ein kombinasjon av sideforankra flytebru og skråkabelbru. Brua går frå Kaldafoss nord på Reksteren i Tysnes kommune til Gulholmane sør for Røtinga i Bjørnafjorden kommune der vegen fortset i ein 7,7 km lang tunnel. Statens vegvesen/COWI Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Ny E39 - erstattar fleire ferjer

Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der framtidig korridor for ny E39 vart avklart.

Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.

E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 sør på Tysnes. Ser sørover mot Langenuen bru. Bebyggelsen på Flatråker og Økland ligg langs eksisterande fylkesveg.
E39 Ådland-Svegatjørn. Illustrasjon av ny E39 sør på Tysnes. Ser sørover mot Langenuen bru. Bebyggelsen på Flatråker og Økland ligg langs eksisterande fylkesveg. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Optimalisering av vegen – Natur og kostnad

Veglinja er tilpassa for å redusere naturinngrep og for å få ned kostnaden. Gode registreringar av naturmangfald har gjort det mogleg å justere linja bort frå nokre av dei mest verdifulle lokalitetane. Å gå ned på vegstandarden frå 110 til 100 km/t har gitt noko mindre arealbeslag. Omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer er redusert for å få ned kostnaden. 

Planområdet har store naturverdiar, blant anna fleire område med boreonemoral regnskog som er ein sjeldsynt og raudlista naturtype som Noreg har eit internasjonalt ansvar for. Som del av reguleringsplanoppdraget er det utarbeidd eit fagleg grunnlag for å vurdere behov og omfang av økologisk kompensasjon for prosjektet.

I utviklingsporteføljen i NTP

Prosjektet er kostnadsrekna til 53 milliardar kroner, med ein netto nytte per budsjettkrone (NNB) på - 0,03. Dette gjer prosjektet til eitt av dei mest lønnsame samferdselprosjekta i Noreg.

Strekninga er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025–2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstille reguleringsplanen for å ha det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved seinare rullering av NTP. Kommunal og distriktsdepartementet (KDD) som har bedt vegvesenet legge planen ut på høyring.

Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca. 1.200 meter og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes.
Bru over Langenuen er planlagt som ei hengjebru med hovudspenn på ca. 1.200 meter og ei samla lenge på ca. 1,7 km. Brutårna blir om lag 200 meter høge og vil stå sør for Jektevik i Stord kommune og på Grovaneset nord for Hodnanes i Tysnes. Illustrasjonen viser alternativ C3 nordover på Tysnes. Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI

Lang høyringsperiode

Reguleringsplanen blir lagd ut på høyring og offentleg ettersyn måndag 22. juni. Frist for innspel blir 1. oktober.

– Dette er eit omfattande materiale å setje seg inn i. I månadsskiftet august/september vil vi arrangere folkemøte i Bjørnafjorden, Tysnes og på Stord. Vi opnar også dørene til opne kontordagar der alle kan kome for å snakke med oss. Vi vil oppfordre til at dei som har interesser i planområdet nyttar høve til å sende sine innspel, forklarer Damman.

Bildet viser den 7 km lange Bjørnafjordbrua sett i frå Røtinga i Bjørnafjorden kommune. Ein skimter tunnelmunningen som brua går videre inn i.
Her ser vi Bjørnafjordbrua sett fra Røtinga i Bjørnafjorden kommune. Frå brua kjøyrer du inn i ein 7 km lang tunnel som kjem ut ved Svegatjørn, der ny fire felts veg til Bergen åpna i 2022. Gang- og sykkelvegen som krysser brua fortsett til høgre i bildet fram til INKA-bygget og inn på Røtingavegen. Tilkomsten til det viktige friluftsområdet på Røtinga vil bli bedre. Grøntområdet på bildet vil bli brukt til anleggsområde i byggeperioden, før det blir utvikla til friluftsområde når vegen har opna. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Stord, Bjørnafjorden, Tysnes, Vestland