Reguleringsplanen for E39 Ådland–Svegatjørn er på høyring, og informasjonsmøta i Tysnes, Stord og Bjørnafjorden samla mange engasjerte frammøtte.

Bilete syner oppmøtte på informasjonsmøte  i Tysneshallen i samband med høyring av reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn.
Om lag 120 personar møtte opp i Tysneshallen i samband med høyring av reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn. Foto: Statens vegvesen

Informasjonsmøta samla om lag 120 personar i Tysneshallen og over 100 i Bjørnafjorden, i tillegg til dei frammøtte på Stord. Mange var opptekne av kva ei eventuell utbygging kan få å seie for nærmiljøet, både medan anleggsarbeidet går føre seg og når vegen står ferdig.

Lenke til presentasjonar frå møta finn du lengre ned på denne sida. 

Omsynet til dei som bur og ferdast langs traseen stod sentralt. Mellom anna var folk opptekne av korleis støy, tilkomst og trafikksikkerheit skal handterast, og av at gode løysingar for gåande og syklande blir tekne med i det vidare arbeidet.

Portrett av planleggingsleiar Ellen Slinde.
Planleggingsleiar Ellen Slinde Foto: Karoline Rage

– Engasjementet på møta viser kor mykje denne vegen betyr for lokalsamfunna. Spørsmåla og innspela gir oss verdifull kunnskap å ta med vidare, seier planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Slinde.

 

 

Ser framover

Blikket var og retta mot eventuell gjennomføring av prosjektet. Framdrift, finansiering og tidspunktet for ei eventuell byggjestart var tema som engasjerte.

– Planen kan få mykje å seie for korleis vi reiser og korleis lokalsamfunna blir knytte saman i framtida. Derfor oppmodar vi alle som har synspunkt, til å bruke høvet til å kome med innspel i høyringa, seier Slinde.

Fristen for å sende inn merknader til reguleringsplanen er 1. oktober 2026.

Aktuelt for fylke: Vestland