Delprosjekt Fjordkryssing er involvert i dei fleste aspekta ved ei ekstrem fjordkryssing, frå innsamling av miljødata som bølgje, straum og vind, til forbetring av analysemodellar for dynamisk oppførsel av ekstreme brukonstruksjonar.

Utgreingar knytta til Ferjefri E39

Delprosjekt Fjordkryssing starta allereie i 2009 med eit oppdrag om å greie ut om det er mogleg med ferjefri kryssing av Bjørnafjorden. Etter at Statens vegvesen fikk i oppdrag å greie ut Ferjefri E39 vart prosjektet utvida til å gjelde alle fjordane langs E39 som framleis vart kryssa med ferje. Dette arbeidet var ferdig når delprosjektet, etter moglegheitsstudien for kryssing av Sognefjorden, kunne konkludere med at det var mogleg å krysse alle dei åtte fjordane langs E39 med faste forbindelsar, også Sognefjorden som ein tidlegare hadde sagt ikkje kunne kryssast «i uoverskueleg framtid». Arbeidet til delprosjekt Fjordkryssing har i den samanhengen vore heilt sentralt i arbeidet med Konseptvalutgreiingane (KVU) for delstrekningane langs E39.

Etter utgreiingsfasen gjekk arbeidet med E39 over i ei meir utførande fase, og etterkvart som ein fekk vedtak på dei ulike KVUane, starta vidare arbeid på fjordane opp. Dette arbeidet går på innsamling av grunnlagsdata som til dømes måling av bølgje, straum og vind, gjennomføring av grunnundersøkingar på fleire hundre meters djup og kartlegging av skipstrafikk på fjorden. I tillegg vidareutviklast brukonsept av ekstreme hengebruer, flytebruer og rørbruer for kryssing av dei gjenståande fjordane langs E39. Delprosjekt Fjordkryssing har ei sentral og viktig rolle med koordinering og samkøyring av arbeidet på dei ulike fjordane.

Se faktaark om teknologivalg for fjordkryssingene (PDF). 

Kontakt

Leiar av delprosjektet er Mathias Egeland Eidem

Fjordene langs E39. Kart.
Fjordene langs E39. Foto: Statens vegvesen