Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Fleire veglenker og meir gåing og sykling vil gi betre trafikkavvikling i sentrale delar av Førde.

Førdepakken inneheld 20 tiltak. Per. 01.01.2021 er sju tiltak fullførte (tiltak 3, 4, 5, 6, 7, 10 og 16) og tre tiltak er i anleggsfasen (tiltak 2, 12, og 13). Dei resterande prosjekta er i planleggings- og prosjekteringsfasen.