Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Fem entreprenørfirma møtte på tilbodssynfaring for bygging av Bergumkrysset fredag 6. januar.

Synfaringa starta med ei orientering ute i anleggsområdet, og vart avslutta med gjennomgang av spørsmål frå entreprenørane inne på Statens vegvesen sitt kontor på Sanderplassen.

Entreprenørane har no frist fram til 3. februar med å gi ein pris på bygging av rundkøyring, ein undergang for fotgjengarar og syklistar og fleire støyskjermar. I anbodet inngår og nye gatelys og omlegging av kommunale VA-leidningar.

- Vi legg opp til signering av kontrakt i midten av mars, og oppstart av bygging kort tid etterpå. Sluttfrist for bygging av anlegget er 1. juli 2018. I tida fram til anleggstart vil vi ha vidare dialog med aktuelle grunneigarar, seier prosjektleiar Ingar Hals.

Synfaring i Bergumkrysset på riksveg 5. Foto: Arild Øren
Aktuelt for fylke(r): Vestland