Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Vi er i gang med anleggsarbeid i Førdepakken, no er grunnarbeidet for bomstasjonane starta opp. Det er Entreprenørservice som har denne kontrakten.

Planlegging, prosjektering og anna førebuing av Førdepakken har pågått for fullt sidan vedtaket i Stortinget i juni i fjor.

Innkreving startar 3. oktober

Arbeidet med bomstasjonane omfattar grøftegraving, legging av trekkerøyr og levering og av galgar og bodar til bomstasjonane, inkludert bygging av fundament. Kontrakten er på 4,46 millionar kroner og det meste av arbeidet på dei fem bomstasjonane vil vere ferdig til midten av august.

- Då kjem det spanske firmaet Tecsidel til Førde for å montere alt utstyr som har med bompengeinnkrevjinga å gjere i bodar og galgar. Firmaet har lang erfaring med denne type arbeid, dei har levert utstyret til om lag halvparten av dei automatiske bomstasjonane i Norge, seier Ingar Hals, prosjektleiar i Førdepakken.

Denne kontrakta er på 6,94 mill.kr. Bompengeinnkrevjing vil starte 3. oktober.

Bergumkrysset første tiltak

Tiltak nummer 5, Rv. 5 Bergumkrysset, bli det fyrste tiltaket i Førdepakken som vil bli bygd. Utarbeiding av konkurransegrunnlag pågår i samsvar med vedteken reguleringsplan frå 2010.

- Vi vil arrangere informasjonsmøte for beburarar i området etter ferien, og reknar med byggjestart seint på året, seier Hals.

Foto: Ingar Hals
Aktuelt for fylke(r): Vestland